hits

OPPSKRIFTA PÅ EIN SPISEFORSTYRRELSE

Det er av og til ein føler at alt ein har prøvd å gjere etter beste meining blir slått vekk under ein. At arbeidet ein har lagt ned blir borte og erstatta med det som er rake motsetninga.

 Etter å ha lest om den nye dokumentarserien som TV3 skal sende til hausten, Den perfekte meg kjenner eg det faktisk slik. Alle refleksjonane som har blitt til innlegg etter å ha kome seg ut av ei helvetes spiseforstyrra liv skal no dei same lesarane og resten av Noregs befolkning få oppskrifta på korleis ein kan ende opp i eit liknande helvete. Og det frå ein TV produsent som har fått ein kjend modell i størrelse liten til å bli størrelse zero. Og som frå før har hatt spiseforstyrrelse.

 Går det verkeleg an å skape meir galskap. Eg er sjokkert over at ein kan klare å forsvare noko slikt i det heile tatt. Eg kan iallfall ikkje forstå at oppskrifta på å bli størrelse 0 skal førebygge mot fleire vonde skjebnar. Ein som allereie er sjuk vil jo få ennå meir brann på bålet, og dei som allereie er på kanten til å misse kontrollen får knep og triks servert utan å måtte gjer anna en å skru på TV en.

Eg vil heller sjå ein serie der ein går frå å være sjuk til frisk. Den andre vegen unnar eg ingen å få servert heime i stova si ein onsdagkveld.





 Jo da, argumenta om behovet for openheit kan virke positivt på pårørande, trenarar , lærarar og heilt sikker mange unge, men risikoen for motsett virkning hos så altfor mange andre sarte sjeler er grusomt stor. Så stor at eg aldri kunne hatt det godt med meg sjølv om eg delte ut sjuke tips "her inne". Ja faktisk har eg kjent og kjenner framleis eit ansvar ovanfor lesarane mine. Og dei unnar eg alt godt. Ikkje det same helvete eg har vore gjennom.

 Viss planen kun er å sende helvetesoppskrifta, synes eg at dei også må kunne lage ein serie der dei følgjer livet til ho/ han  som tek dei små skritta mot eit friskt liv. Følgje alle dei tøffe rundane, dei gode stundene og formidle korleis ein faktisk kan kome seg ut av den vonde kloa. Det burde vore ei sjølvfølgje, for det er langt færre der ute som veit å behandle ein med spiseforstyrrelse enn ein som har lest kva anoreksi , bulumi, ortoreksi iog tvangseting betyr. Det er berre å google.

 

No skal eg ikkje skrive for mykje negativt då serien ikkje har gått ennå, men eg har ein vond følelse for dette "stuntet" og klarar ikkje å sjå den positive effekten etter alt eg sjølv har vore gjennom, etter alt som påverka meg i den sjuke tida og som gjorde meg ennå meir hjernevaska.

Kanskje eg overreagerar og effekten endar opp som positiv,men eg meiner like hardt at ein serie som kan heite " Den sterke meg" bør stå på TV programmet også.

 

Springerinneklem

 

 

 



 

 

 

 

 

 

 

 

7 kommentarer

M

28.03.2013 kl.17:34

Oj. Dette må jeg jeg si hørtes direkte skummelt ut.. Er fullstendig enig med deg. Etter å ha kjempet meg gjennom en alvorlig spiseforstyrrelse, og nesten latt den ta livet av meg, kan jeg ikke forstå hva godt dette kan føre med seg? Vet med meg selv hvor lett påvirkelig jeg var da jeg var syk og ikke minst i startfasen, da det begynte å utvikle seg.. Fælt å sitte å vite hvordan mange jenter/gutter blir påvirket og hvordan slike program, og hvordan dette fokus påvirker de som er litt ekstra sårbare.. Skal ikke dømme det "nedenom og hjem" før jeg faktisk har sett det, som du sier, men frykter at jeg nok ikke blir positivt overrasket..

Nei, gi meg serien "Den sterke meg"! Det hørtes ut som en MYE bedre serie! Den tror jeg ville virket positivt på mange, mange flere måter. Den ville vært forhåpentligvis vært mer opplysende, virket avskrekkende (hvem vil vel gå gjennom et slikt helvete?), gitt håp til de som sliter og innsikt. Alt dette uten skumle signaleffekter..

Ønsker deg en super påske, Kristin!

Therese

28.03.2013 kl.18:23

Oi, dette har jeg ikke fått med meg. Høres trist ut. Det ville i alle fall være på sin plass å paralellt følge en som kjemper vegen tilbake!!

springerinne

28.03.2013 kl.19:03

M: 1000 takk M. Nei eg fattar det heller ikkje. Det einaste eg tenkjer er at dei som kom med ideen og produserar den ikkje har vore gjennom det helvete dei skal vise framfor så altfor mange. Og attpåtil stiller eg meg undrande til hovedpersonen i serien når det kjem fram at vedkomande har slitt sjølv.....men som sagt har det ikkje blitt vist på fjernsynskjermen ennå, så det kan jo hende det ikkje er så gale som vi fryktar.

springerinne

28.03.2013 kl.19:04

Therese: Ja det meiner eg også. Kanskje det skjer,,,eg tvilar, då det er ein heilt anna snuoperasjon og som i tillegg er umuleg å sjå varigheten av,men eg håpar likevel.

Lovelyliller.com

28.03.2013 kl.22:00

konseptet er kopiert rett fra en britisk dukumentar. de gjør jo alt for å få seere etc.

springerinne

29.03.2013 kl.09:30

Lovelyliller.com: Det er det ja.....lenge leve kreativiteten. God påske då Lovelyliller:)

Maja

29.03.2013 kl.10:30

Det er ubegripelig at noen kommer på å lage tv av et slikt livsfarlig slankeopplegg. Sørland kan neppe være helt kurert for spiseforstyrrelsen, når hun ikke ser faren i dette.

Jeg har selv hatt/har en spiseforstyrrelse, og er todelt. En del av meg synes dette er forkastelig, mens den andre, hemmelige delen gleder seg til å lære nye triks for vektreduksjon. Dette viser vel hvor farlig serien kan bli.

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv