hits

Å SPRINGE MED HUND

Å springe åleine er veldig ofte deilig. Du får tenkt, mimra, drøymt eller du brukar åleinestunda til å koble hjernen heilt ut.

Eg har aldri vore den største fanen av å springe med andre, iallfall viss eg er usikker på kva fart den / dei andre held osv. Det kan stresse meir en nødvendig,men dei gongane eg først har gjort det har alltid gått over all forventning.

Vel, det er ikkje menneskeselskap eg skal skal skrive om,men korleis løpe med hund utan irritasjon og øydelagde økter fordi hunden skal snuse, helse på alle osv..

Trym var kanskje litt for ung då eg tok han med på løpetur. 5 mnd er på kanten har eg høyrt,men det var aldri snakk om lengre turar. Rundt 30- 40 minutt rolig tempo. Resultatet har iallfall blitt ein veldig løpeglad Trym:)

HALSBANDET

Her går det i skinnband med kjetting rundt halsen, såkalla strupeband( ikkje så gale som navnet seier). Då har eg meir kontroll når eg ber han løpe med fot. Etter nok rykningar i halsen hjelper det nokre hakk.

Å løpe med fot har eg brukt lenge,men starta nok litt seint då han framleis drar no og då,men det har komt seg veldig siste året. Ikkje nøl med å tving han til fot når du trenar og går for den del. Det gjer alt lettare og du brukar mindre krefter.



POTANE

Er det snø og du skal langt avgårdes kan du smøre potane inn med salve og bruke potesokkar. Salt i vegane er ikkje bra for hundeføtter i tillegg, så potesokkkar er genialt( men det treng tilvenning,..)

Klipp neglene jamt og trutt.

 

 MAT FØR TRENING

Hunden bør ikkje få mat rett før trening eller anna meir intens aktivitet. Då kan få dårlig mage og spyr. Det har skjedd nokre gonger her,men no har eg lært. Vatn står alltid framme.

Å HA MED UNDERVEIS

"Doposar" Ta med NOK, ellers kan du få ei skyllebøtte frå forbipasserande. Det veit eg av erfaring. Uff..flaut.

 

No vil eg berre spurte mamma. Slutt opp med den knipsinga. Vi ër jo på trening!:):)

 

Vel, nokre få tips på laurdagskvelden. Imorgon ventar Nordfjordlufta og dei gamle grusvegane eg la så mange mil på.:)

Ha ein fin kveld!!

Springerinneklem

 

 

6 kommentarer

Mia

30.03.2013 kl.19:06

Skulle onske jeg kunne lope langturer med min hund, men hun er nok litt for lat. Men lange gaaturer og fjellturer blir det naa, og det er jo koselig det ogsa:) God paaske til deg, Kristin!

ladygaganorwayfanclub

30.03.2013 kl.19:10

hei så fin blogg du har ta gjerne ein titt innom min blogg og kommenter hva du synest om ukas favorit outfit (1) og eg ønskjer deg ein fin påske ferie

iselinilsen

30.03.2013 kl.23:47

W O W, DU ER PERFEKT

springerinne

31.03.2013 kl.16:30

Mia: God påske Mia og kos deg på alle turane dåkke har framover:) Klem

vilblifrisk

03.04.2013 kl.19:18

Så fint innlegg! Jeg elsker å løpe med min kjære firbeinte kompis. Han vil alltid være med og ikke minst er han alltid klar på sekundet når vi skal ut. hehe. Hunden min liker seg riktignok best løs. Når han løpet i bånd hender det jeg må motivere han:P Men jeg skjønner godt at det kan bli litt kjedelig med denne løpingen når man ikke får snuse eller leke med andre hunder! tihii

Jeg ønsker deg og Trym en riktig fin kveld=D

springerinne

04.04.2013 kl.20:21

vilblifrisk: Hihi., eg hadde vel ikkje sett Trym igjen viss han fekk springe laust på løpetur, så det tør eg ikkje. :)

Det er knallkjekt med hund og eg er i tilegg veldig glad for å ha Trym på tidlege morgenar der kanskje "lausfuglane" er ute og vandrar i mørket. Då er eg trygg:)

Ha ein fin kveld du også!!!!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv