Fristande på "vesle laurdag"
"Vesle laurdag" eller "Lille laurdag "som det også heiter fortener litt meir enn tomatsuppe med egg og makaroni til middag. Kvifor ikkje sende ein sms til venninna di og spørje om dåkke skal lage tapas. Det treng jo ikkje være ein gedigen som kostar mykje pengar, men ein "minikveld" der dåkke kokkar saman og sladrar. Kanskje dåkke har trena saman rett før også.Det kan eg love set ekstra spiss på smaken, for ingenting er betre enn god mat etter ei kjekk og litt tøff treningsøkt:)
Denne tapasen blei lagd ein laurdagskveld her.
Saltkokte poteter, mangosaus, heimelaga kjøttbollar, choritzopølser, mozarellasalat,og dadlar surra i serranoskinke og fylt med kremost.
Er ikke så flink til å variere,men det kan eg kanskje bli med nokre gode tapastips frå dåkke? Eg tek imot med stor glede.
Kjøttbollar før steiking: Karbonadedeig, persille, cottage cheese, rødløk, chili, fersk ingefær,paprikapulver, spisskummin, salt og pepper, 1 egg og litt maizenna viss det trengs. Det er også godt med hakka valnotter i:) Då får tenna litt å "arbeide "med.
No står verandadøra open og den deilige friske lufta strøymer inn i sofaen. Det er så godt å kjenne på smaken av vår. Det er ein høydare det og betre skal det bli. Eg elskar denne tida og det som ventar:)
Stor Springerinneklem
lineinspirasjon
18.04.2013 kl.07:36
springerinne
18.04.2013 kl.12:41