hits

Min beste fiskegrateng

Heisan!

Heimelaga fiskegrateng er nydeleg,og det er ikkje dumt å variere på innhaldet. Gulrot gjer den saftig til tusan og spisskummin den ekstra vesle piffen. Mmm..blir nesten svolten sjølv om lunsjen nettopp "gjekk ned."



(Til fire personar)

 

4 laksefiletar

1 hakka purre

2 raspa gulrøter

2 egg

Melk

Litt potetmel

Makaroni

Muskatnøtt

Spisskummin

Salt og pepar

Kvit saus enten frå botnen, eller frå pose.

Strøkavring



GJER SLIK:

Lag kvit saus. Rasp gulrøter, kok makaroni, hakk purreløk eller vårløk om du likar det betre.

Laksen som er tina smuldrar eg opp med hendene og blandar den med kvit saus, makaroni, gulrot,purre og krydder. Før den skal i forma blandar du 2 egg  med litt potetmel, og rører dette inn i resten. Dekk til med strøkavring og steik midt i ovnen på 200 grader.

Tips: Reve eple er også godt i fiskegrateng, så neste gong kan du kanskje prøve det istadenfor gulrot.

 

 














 

 

 

 

 No er det berre nokre timar att til helg. For min del blir det venninneskravling, og trening, Sykla 2 timar i går, og det kjenner eg i låra i dag. Ikkje det luraste dagen etter ei hard beinøkt på treningssenteret og 3 timars tur dagen før der igjen. Ja faktisk har eg berre løpt 1 gong denne veka, men skal lufte sinnet til både Trym og meg litt seinare.

 







God helg!



Springerinneklem

 

6 kommentarer

Lovelyliller.com

24.05.2013 kl.21:20

jeg er veldig glad i fiskegrateng <3 minner meg om mormor :D

Jay

25.05.2013 kl.12:56

Åååå, fy fader dette så godt ut!! Prøver å innføre litt mer fisk i kosten, så denne oppskriften var midt i blinken! Dessuten er jo fiskegrateng supergodt :)

springerinne

25.05.2013 kl.19:38

Jay: Ja det er det. Sunt og saftig:):):)

springerinne

25.05.2013 kl.19:38

Lovelyliller.com: Åh, det minner meg om mamma og det er berre heimelaga som gjelder:):)

Hanne

26.05.2013 kl.19:19

Den må jeg prøve en dag! :) ble forresten veldig inspirert av syklingen din, så tok meg en langtur i solsteiken i dag selv! veldig deilig :D

springerinne

27.05.2013 kl.09:51

Hanne: Herlig då!! Skulle gjerne sykla i helga,men desse låra er ikkje så veldig blide på meg viss eg tråkkar til for hardt, så eg må berre bruke tid på å venne dei til lange turar i roleg tempo:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv