hits

Anbefalast for ein lunsjdate

Herregårdslunsj er ein av rettane du finn i menyen. Foto: Springerinne

For eit par år sidan avtalte ei god venninne og eg ein lunsj ikkje langt fra der ho budde. Eg fekk forklart vegen, og tenkte ikkje meir på kor eg skulle anna enn at vi endeleg skulle treffast for litt sladder over ein matbit. Som alltid rumla magen min ved lunsjtider, og då vi kom fram blei eg ordentleg overraska over både plassen og maten.

Alby Gård ligg ytterst på Jeløya, utanfor Moss. Du har utsikt til Oslofjorden, og om sommaren er det kjempefint å både bade og sole seg der. Og ikkje minst er det fint å gå tur eller løpe. (Grus så langt du ser, og det likar jo vi løparar godt).

Alby sitt galleri og kafe F15 ligg i samme lokale. Eg er ikkje den med mest interesse for samtidskunst, men lunsjen derimot. Den elskar eg. Anbefalar å ta med deg ei venninne, mor eller kjærast hit uansett kor tid på året. Det er sjølvsagt finast å sitte ute og nyte god mat og utsikt, men sjølv på regntunge dagar er det koseleg der. Og tittar du på aktivitetskalendaren kan du ete med levande jazzmusikk i bakgrunnen.

 


Utanfor Kafe F15. Foto: Alby

Nokre favorittar:

Herregårdslunsj
Lunsjplate m. lun hjemmelaget pai, lune kjøttboller, brie,marmelade, røket laks, varmrøkt laks rørt i philiadelphiaost. Brød og smør.
Gartnerlunsj
Lunsjplate m. lun hjemmelaget pai, lune kikertboller, hummus, pesto, oliven, soltørket tomat, brie og marmelade. Brød og smør.
Sommerlunsj
Lunsjplate m. spekeskinke, spekepølse av vilt, eggerøre, hjemmelaget potetsalat, rømme, flatbrød og smør.
Ovnsbakt Chevre
Med ristet spekeskinke, tomatkompott og honningstekte valnøtter. Serveres med grovt brød og balsamicosirrup.
Hummustallerken
Kikertpure, salat, pinjekjerner og balsamico
Hjemmelaget pai
Varm hjemmelaget pai m. spinat, soltørket tomat, feta og pinjekjerner. Serveres med salat og brød.
Ovnsstekte amandinepoteter
Gratinert med ost og bacon. Serveres med liten salat og aioli

Salat
Marinert kyllingfilet med rød pesto ( bildet under)

 



Denne salaten med kylling og pesto er knakande god.

 

 Alby ligg ca.6-7 minutt frå Moss.

 

Eg skal hit på søndag med ei god venninne. Kanskje ser eg deg?

Springerinneklem

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

2 kommentarer

Susanne Wigene

19.03.2014 kl.21:45

Hei Kristin,

Eg savner alle de fine og gode lunsjene vi hadde her... Håper vi snart sees igjen :-)

God klem til deg <3

springerinne

20.03.2014 kl.07:51

Susanne Wigene: Åh vennen, takk det samme. Mange fine samtalar:) Har kjempelyst å ta turen til deg:) Godklem tilbake

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv