hits

Ein skikkeleg godtedag

Det fine med Påske TV er at vi skal finne dei gode lokale sakene. Det betyr ei god spredning av tema, så i går tykte vi at det var på tide med noko godt innanfor tanna.


Brennesleost.

Turen gjekk rett over gata frå Radisson og til Opplevelses Ysteriet kor dei lagar Beito ostane. Etter omvisning i sjølve Ysteriet fekk vi smake på dei deiligaste ostane med tilbehør. I tillegg bryggar dei sitt eige øl som blant anna Arne Hjeltnes har som favoritt. Det skal vi lage sak på seinare ei veka, så tek du turen til Beitostølen MÅ du berre innom denne flotte plassen. Du kan ete, drikke, kjøpe gåver og berre gå rundt og titte på alt dei har av lokale varer. Verkeleg ein smakfull opplevelse.

 Andrea er i gang.

 

 Lokal Einebærsirup.






"Beito ale" framme og "Beito pilsner" bak.



Kim serverar ekte Beito øl.




Og for å toppe dagen frotsa vi i dessertar under hotellmiddagen. Her venta ein cupcake, som underteikna slukte temmeleg raskt.

Ha ein flott dag kjære lesarar:)

Springerinneklem



Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv