hits

Gode smakar

I går starta helga til måseskrik i Porsgrunn. Eigentleg hatar eg måsar, då dei alltid jagar meg på løpeturane heime. Men likevel gav måseskrika meg heimlengsel av den gode sorten. Det blei til at eg duppa nokre ekstra minuttar - ja til måseskrika faktisk.:)

 

Vel, tilbake i Ski venta visning, så medan folk titta rundt i hula mi sette eg meg likesågodt ned i sola og åt sushi til lunsj. Hadde nesten gløymt kor godt det var. Men gode smakar slutta ikkje klokka 1300. Ikveld måtte eg berre kokkelere fram ein pastasalat eg har fått dilla på. Kroppen vil ha friske grønsaker, frukt og salte ting for tida så då får eg berre lystre ordre.

 

Til pastasalaten lagde eg guacomale. Det blei ein enkel ein i dag: Avocado, rødløk, ketchup, svart pepper og maldonsalt.


Kokte penne pasta og sukkererter, før eg blanda det saman med resten av salaten med ekstra virgin olje, balsamico, og salt og pepper.

Smakte fortreffeleg ein varm vårkveld:)




Trymmegutten og eg seier berre ein ting: Ha ein flott søndag. Vi skal ut på ein varm løpetur, sole oss på venninnebesøk på Sørumsand og berre nyte soldagen.

Og til deg Veronica som er neste covergirl på ugåve 3 av Birken: Gratulerer så masse med seier i Sentrumsløpet:)

Springerinneklem

4 kommentarer

Hanne

27.04.2014 kl.13:01

Alt så veldig smakfullt ut! :) Fint bilde av deg og hunden! :)

lineinspirasjon

27.04.2014 kl.18:52

Gucamole er supergodt, også som pålegg på ferskt brød, som du er så glad i.

Skriver no for å takke for tipset mht Asics-skoa. No er dei mine og, eg har raida London idag. Må nesten teste dei på ein liten rolig mølletur ikveld sjølv om eg har konkurrert idag :-)

springerinne

27.04.2014 kl.19:48

lineinspirasjon: Oi, eg må inn på bloggen din. Har du konkurrert dame. Kult. Spreka altså:):)

springerinne

27.04.2014 kl.19:48

hamyst: Tusen takk:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv