hits

Tør eg smake på dette?

"Skal, skal ikkje"  tanken fulgte meg lenge. Den har vore årsaka til mange forsakelsar opp gjennom. Mens venner og familie har nytt kaker i selskap, snop foran TV en, popcorn på kinoen, kvikk lunsjen på fjellet og is ein sommarsdag, har eg nekta meg sjølv det. Vurderte ikkje eingong å prøve, då det har vore "tryggast" å la være.


Her prøvde eg meg på ein smoothie. Det var fryktleg skummelt, men det hjalp at det stod " fat free". Ein start...

Det kunne for eksempel oppstå i matbutikken etter at alt på handlelista var i korga.Skulle eg plukke med meg litt nøtter i dag? Det var jo laurdag og det hadde vore sååå godt med noko kos på kveldinga istaden for dei kjipe eplene. Eg gjekk til nøttehylla. Hovudet knakte i tankar. Skulle eg kjøpe litt, eller skulle eg la være? Ville eg legge på meg? Ville eg klare å stoppe i tide? Ka om eg åt opp alt? Det var ein rein krig innvendig og eg blei stadig vekk misunnleg på dei som berre raska med seg det dei ville ha og gjekk ut av butikken glade og fornøgde. Det virka så enkelt. Kvifor var det så vanskeleg for meg då?

Av og til kom eg så langt at eg faktisk plukka oppi posen både youghurtnøtter og chilinøtter. Lokket blei sett på, og jenta gjekk mot kassa. Der var det ofte kø, og medan eg stod der og venta knaka det ennå verre som i topploket. Eg var fortsatt i sterk tvil på om eg torte dette. Mange gonger gjekk eg ut av køen og la posen med godsakene tilbake. Eg klarte det ikkje. Det var for skummelt. Følelsen eg stod att med bakerst i køa var ei blanding av lettelse og frustrasjon.

Mange dagar, veker og år gjekk med til dette, men då eg kom til " dama mi" var dette eit av dei tinga eg måtte gå til angrep på. Og det kan eg berre være ærleg på: Det var knalltøft i starten. Eg gjekk å kjende på kleda, kroppen etc etter at eg hadde smakt på noko nytt og ukjent, men det hjalp veldig å få sette ord på alle dei vanskelege tankane til hjelpa mi. Ho betrygga meg på at det ikkje var farleg, og at eg trygt kunne forsette utprøvinga av den " normale verda". Og ho hadde så rett. Det var slett ikkje farleg, og etter ei god stund med gråting og bittelitt nytelse gjekk det lettare. Så mitt tips til deg som er i denne situasjonen er å  skrive ned all Nei maten din.Trekk så ut eit av punkta og bestem deg for å tørre å kjøpe det. Når du ser at det ikkje var farleg tør du truleg å teste eit av dei andre punkta også. Løysinga trur eg ligg i å bruke god tid. Ein skal ikkje forhaste seg for då er sjansane så altfor store til å sprekke og ta to steg tilbake. Og om du skulle gjere det, veit du at du kan starte på nytt att neste dag.

Springerinneklem

4 kommentarer

Mia

03.07.2014 kl.17:11

Hei!

Bloggen din er til god hjelp. Eg slit med mange av same problema, men no er det særleg mensen som bekymrar meg. Har fått vite at eg truleg må opp 5-10 kg til, og eg er livredd for korleis eg då "blir sjåande ut". Eg er ikkje lenger spesielt tynn, bmi er over 18, og eg er så redd alt legg seg på magen....

Elles går (sunn) mat greitt så lenge eg får trene. Klarte du å kome i betre form (trene ein del) medan du la på deg dei siste kiloa? Veit du om alt må vere feitt, eller kan det vere muskelmasse også?

Mia
Du visste det kanskje ikke, men bloggen din er nummer 2 på topplista i Ski :) Der jeg fant den. Liker det jeg har lest til nå, stå på videre!

Ha en fortsatt fin dag :)

springerinne

04.07.2014 kl.17:13

FlestLesere: Heisan, nei det visste eg ikkje:) Koseleg det:) Ynskjer deg ein fin dag også:)

springerinne

04.07.2014 kl.17:19

Mia: Godt å høyre at orda mine kan hjelpe deg:) Det er det eg vil med desse innlegga.
Eg trur du berre må være tålmodig, og så trur eg mensen kjem med tida. Så lenge du ikkje lengre er undervektig vil eg tru kroppen er i positiv prosess med tanke på mensen vil kome tilbake. No er ikkje eg lege, så det kan godt hende du bør opp nokre kilo, og dei kiloa skal du ikkje være redd for. Dei legg seg ikkje berre på ein plass, men litt over heile deg, og så lenge du trenar vil dei kiloane sjå stramme ut på deg. Styrke gjev deg musklar som veg meir enn feitt så viss du trener jamnleg styrke, kondisjon og et sunt og godt vil kroppen din berre sjå ennå meir sunn og sterk ut om du legg på deg fleire kilo. Eg opplevde ikkje at det la seg berre på magen for eksempel. Sjølvsagt er vi alle ulike, men med trening vil det fordele seg fint.) Ikkje vær redd for det. Berre det at du går og er bekymra kan forsinke mensen, så senk skuldrane og prøv å lev så normalt som mogleg. Klem

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv