hits

Eit nytt liv ventar

I dag fekk eg endeleg solgt hula mi. Det var mest med glede, men det kjennes også litt vemodig då eg har kosa meg veldig her. Det var jo tross alt min første leilighet eg har eigd heilt åleine. Heldigvis virkar dei nye eigarane veldig fornøgde, og eg veit at det nye livet vil bli fylt med ein heil haug med spenningar og glede.

Lillehammer by har vore ein liten favoritt sidan eg var 13 år. Då konkurrerte eg for første gong utanfor fylket på 800 meter. Huskar det som om det var i går. Tre heat med spente jenter venta. Alle ukjende for mitt vedkomande. Far laug på persen min med 5 sekund frå 2.30 til 2.25. På den måten kom eg i det beste heatet. Eg sjølv blei fryktleg nervøs for dette og var redd eg skulle flause meg fullstendig ut. Det enda difor med at eg la ut i eit vilt tempo og passerte 400 meter på 61 sekund. Konkurrentane var laaaangt bak og fleire trudde eg hadde bomma på kor langt eg skulle springe. Etter 600 meter var eg temmeleg stiv, men heldt inn til ny pers på 2.23 minutt. Jenta var superglad og sidan blei Lillehammer ein liten favoritt i hjertet mitt. I tillegg har eg jobba dei siste 6,5 åra med Birken, og kosa meg veldig som journalist på arrangementa. Det skulle derimot verken være løpinga eller jobben som fekk meg dit, men kjærligheten. Så i månadsskifte august/september er Ski historie, og det nye familielivet i gang.

I dag har eg vore hos jordmor og fått høyre at hjertet til vesle nurket bankar raskt og fint, Trym har fått vaksine og eg har handla meg bikini og sommarkjole til ferietur om tre dagar. Det blir ei veke med sol i Bulgaria, eit land eg aldri før har vore i. Restplassar er gode å ha i siste liten, men eg må innrømme eg er spent på kva som møter oss med Svartehavet. Kanskje nokre av dåkke lesarar har vore der? Vel, så lenge det er soling og bading vi reiser for vil eg tru forventningane vert oppfylt.

No ventar den enkle hybelmaten Pytt i panne til fotballkampen( ja tenk, Springerinne ser på VM gitt. Hadde eg ikkje trudd på forhånd).

Ha ein fin fredagskveld.

Springerinneklem.

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv