hits

Jakta på mensen

Eg gløymer ikkje kor redd eg var for å få mensen tilbake. Berre tanken gav meg grøsningar. Monsteret i hovudet fortalde meg nemleg at det var beviset på at eg hadde lagt på meg. At eg ikkje lenger var den tynne skikkelsen med lite feitt på kroppen. At eg ikkje lengre hadde kontrollen over verken inntaket eller vekta. For ein spiseforstyrra kjennes det som å misse taket på seg sjølv fullstendig.

Før eg blei 30 tenkte eg lite på konsekvensane. Det var så mange år sidan sist, at eg omtrent hadde gløymt kor i butikken det nødvendige hjelpemidla fanst. At eg ikkje kunne bli mamma tenkte eg heller ikkje nemneverdig på, og at beinskjørheita fekk blomstre blei fortrengt. Det var heller ikkje mange som torte å snakke med meg om dette, så tida tikka berre som vanleg avgårde. Etter 9 år utan mensen, og som 31 åring, forstod eg derimot alvoret. Prosjekt "Bli frisk" blei sett i gang saman med hjelpa eg hadde fått. Å få tilbake mensen var ein naturleg del av denne prosessen.

Det var då alle spørsmåla som eg i dag ofte får, dukka opp. Kor mykje måtte eg legge på meg for å bli dame att? Måtte det meste være feitt? Og når ville vekta seie seg fornøgd slik at eg slapp å legge meir på meg? Tusen skrekkslagne tankar prega dei første månadane i terapi.

Eg kan ikkje anna enn å svare av eiga erfaring. Og grunnen til det er at vi alle er ulikt sett saman. Nokre kan få den att ved å gå opp nokre få kilo. Andre må vente lengre, og kanskje legge på seg meir. Eg ante ikkje kor mykje eg måtte opp, men det ville vise seg etter kvart.

Det eg gjorde i denne perioden var naturleg nok å auke matinntaket. Ikkje drastisk, men i små steg. Og det var heile tida snakk om sunn normal mat. Snopen og anna snacks har eg "teke hand om seinare". I tillegg fekk eg ikkje lov å trene 2 gonger for dag lengre. Maks 30 minutt rolig løpetur eller styrketrening, men det var berre viss eg åt det vi blei enige om. Treninga hjalp meg til å klare å ete meir, og gradvis gjekk eg opp utan at eg fulgte med på dei eksakte vekttalla. Det la seg på ingen måte berre på ein plass, men blei fordelt over heile kroppen. Hovudet kjempa ein dagleg kamp mot dei negative tankane, men eg sa til meg sjølv gong etter gong at det MÅTTE bli slik. Og den dagen eg ville få mensen att skulle være ein gledens dag. Ikkje eit teikn på svakheit, men eit teikn på styrke. Det gjekk 7 månadar i terapi før den kom, og eg heldt det eg lovde: Ingen gråt,eller fullstendig panikk. Kor lang tid det vil gå for deg kan eg dessverre ikkje svare på, men tålmodigheit er eit viktig stikkord.

Alt sit i topploket når det gjeld denne sjukdomen. Det er difor der du må arbeide meg deg sjølv, og aller helst i samarbeid med ein god hjelpar. Det redda meg ut av 13 år i etehelvete.

 

Springerinneklem som har vore i Holmenkollen og helst på mi venninne Ella Gjømle. Ho er nybakt mor til vesle Nora, og eg fekk prøve meg på å holde ho. Hjelp, skumle greier....






Ha ein fin kveld.:)

8 kommentarer

Iselin

05.07.2014 kl.19:49

Uff, du har hatt det tøft høres det ut som.Fine bilder forresten :) Ha en fin kveld :)

springerinne

05.07.2014 kl.20:27

Iselin: Ha ein fin kveld du også:)

Tea

06.07.2014 kl.14:06

Hei!

Var det berre når du var på ditt tynnaste du trena ca. 30 minutt, eller var det heilt til du fekk mensen?

springerinne

06.07.2014 kl.14:21

Tea: Det var dei første månadane. Etter ca. 4 månadar fekk eg auke til 50 minutt, men då åt eg også meir og det gjekk fortsatt i roleg tempo.

Tea

06.07.2014 kl.15:18

Det var godt å høre :) Eg trenar nemleg meir, men det treng eg for å ete. Sunn mat går bra så lenge eg får trene. Kjenner litt rar følelse nederst i magen, og håpar det er eit teikn på at ting ordnar seg om ikkje så alt for mange kilo...

Håpar du held eit foredrag på nordvestlandet ein gong :)

Tea

springerinne

06.07.2014 kl.15:41

Tea: Ikkje vær altfor bekymra. Det kan nemleg forsinke prosessen. Prøv å lev så godt du kan, og så er eg sikker på at du ein dag får tilbake mensen. Og husk: Den dagen det skjer skal du bli glad og ikkje lei deg!!! Bruk tida før det skjer på å tenkje på det.
Har også lyst til å halde foredrag i meir heimlege trakter. Klem

Ingrid

10.08.2014 kl.16:37

For en glanshistorie! Det er motiverende at du har tatt så tak som du har gjort, og kommet så innmari langt. Dette er til stor inspirasjon for min egen del! Såklart, alle tankene er der jo.. Man synes det er skummelt i og med at man ikke vet HVOR mye man må opp, og "skal ikke vekta stoppe snart?" Når finner man den såkalte "idealvekta", og alt det styret der.. Det er en pinefull sykdom, og fører aldeles ikke med seg noe godt.. I det siste har heldigvis mer positive tanker trengt på, og jeg ønsker virkelig å få barn senere. Og da vet jeg at vektoppgang må til for å komme dit. Så man krangler en del med seg selv om dagen, men jeg håper virkelig jeg klarer det du har gjort! Det er sterkt! Takk for et fint innlegg! Ha en nydelig søndag :)

springerinne

11.08.2014 kl.13:25

Ingrid: Å krangle med monsteret i hovudet veit eg alt om, men det gjelder å ikkje gje seg og stå på ditt. Husk at det er ei sjuk stemme som gjer det vanskeleg. Den skal ikkje få bestemme!!! Ynskjer deg all hell og lukke!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv