hits

- Vil du veie deg da?

Dei første fire månadane merka eg lite på vekta som gravid. Joda, den auka, men ikkje mykje. Når fem månadar kom hadde den auka litt til og på sist måling, 6mnd, sette eg nok ein gong ny pers.

 Det som overraskar meg er sjølve seansen når jordmor ber meg gå på den før forhatte vekta. På sist time innleda ho med følgjande:
-  Vil du veie deg da? Det er en annen vekt enn de siste gangene, så det kan variere litt.
Først vart eg litt paff, men sidan ho veit historia mi var det kanskje ikkje så rart at ho nemnde det. Hadde dette vore for 1 år sidan ville eg nok stussa, men overraskande nok sa eg berre:
- Nei, det får no være. Eg kan ikkje lenger bry meg om slike ting,
og steig deretter på plata med dei digitale talla. I første augneblink tenkte eg: - Oi,har gått opp 1,5 kilo på 1 månad. Eg spurte om det var unormalt, men fekk då høyre at det var akkurat slik det skulle være, så eg kunne berre ta det heile med stor ro. Og jammen gjorde eg ikkje det. Faktisk brydde eg meg så lite at eg kjøpte meg ein is like etterpå.

Nokon tenkjer kanskje at ho der kan ikkje være heilt frisk så lenge ho spør slik, men det er det eg føler eg er blitt. Gamle minner som har prega meg såpass mykje vil nok alltid bli huska, men måten dei blir behandla på gjer meg berre ennå tryggare på kor bra eg lever i dag. Det er ei ny verd å bry seg så lite om vektauke, og det er eg stolt av. Korleis eg vil reagere når eg har gått opp 10 kilo veit eg sjølvsagt ikkje, men eg trur dei talla også skal få passere roleg og fredeleg.

 

Når det gjeld garderoben er eg inne i mitt andre skifte etter at eg blei ei sunn og normal jente att. Første skifte for tre år sidan gjekk frå størrelse xs til medium. Dei siste månadane har yogakolleksjonen på Hennes og Mauritz vore heilt geniale på treningsøktene, og i det siste har eg også måtta bevege meg opp i 2.etasjen kor mammakolleksjonen er.





 

 

Greit med shortsar som sit behageleg på, så får dei berre sjå rare ut når eg tek av overdelen:)




Vel, no ventar ein rolig løpetur med Trymmegutt, deretter venninnebesøk til Kristine og pakking for sydenferie imorgon:)

Ha ein flott søndag:)

Springerinneklem

3 kommentarer

anja

06.07.2014 kl.11:54

Hei Kristin. Du skriver så fint, og det får meg til å tenkte på hvordan jeg hver dag går på den (ogsa for meg ) forhatte vekta. Men jeg er så opptatt av hvert gram jeg går Ned, og jeg trenger det. Lover meg selv at u morgen skal jeg løpe, sykle eller ri.. Men finner alltid gode unnskyldninger for å lå være. Samtidig forstår jeg mer av hva du har gjennomgått, og jeg var uvitende om det. Takk for at du dealer. Det gir perspektiv. Er så glad på dine vegne med det store som venter deg. Jeg er jo allerede bestemor til snart tre herlige barnebarn. Gleder meg over å få følge deg.

springerinne

06.07.2014 kl.14:20

anja: Tusen takk Anja. Eg snakka ikkje mykje om det då vi var kollegaer. Då var det bloggen som fekk "gjennomgå":) Ka med å vege deg 1 gong annakvar veke? Då blir det ikkje eit evig stress og det er enklare å sjå forskjellane. Vekta er for øvrig noko drit. Talla seier meg ingenting. Det viktigaste er å kjenne at d trives og at du føler deg frisk og i god form. Og gjer du ikkje det anbefalar eg litt aktivitet per dag. Treng ikkje være meir enn 30 min gåtur i bra tempo i starten. Ikkje begynn for hardt iallfall Då er det så lett å misse piffen.Klem

karoline

09.07.2014 kl.21:11

Måtte flire litt av vekt-situasjonen din hos jordmor. Kjenner meg så godt igjen! Er no snart på termin med mitt andre barn, og hugser godt første gong jordmora vill vege meg. Piggane kom ut og "neeeiiii, det vil eg gjøre på mi vekt heime". Blånekta;) Men no har eg blitt spurt ved kvar kontroll, i 2x9 måneder. Man blir vant til at kroppen blir allemannseige og skal målast og kneftast på av "alle". Nyyyyt den gravide tida di, kutt alt av dårlig samvittighet og gi kroppen/babyen det den vil ha. Har mor det bra, så har babyen det og! :) Lykke til!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv