hits

All inklusive - det "verste"for ein spiseforstyrra

Frukost til 10.00. Lunsj frå 12-14.00.Middag frå 18-21.00.
Heile dagen: Snackbar med alt frå pizza til is. Et når du vil,så mykje du vil.

Ein avslappende og deilig situasjon for dei fleste. Uholdbar og smertefull situasjon for ein spiseforstyrra.

Det er rart å tenke på at det berre er nokre år sidan eg unngjekk alt som kunne likne på "et så mykje du orkar " konseptet då det ville bli for tøft å sjå all den gode maten til ei kvar tid. Det enda berre med at eg gjekk og heldt meg i skinnet fleire dagar.Åt det sunnaste eg fann, "oversåg" det kroppen skreik etter og kjende på "kontrollen"eg trudde eg hadde. Redselen for å "sprekke" låg der konstant og gjorde meg ennå meir anspent og inneslutta. Det seier seg sjølv at ferien blei noko heilt anna enn det ein ferie skal være.
Eg veit at mange "der ute" har det på denne måten. Fleire enn vi trur. Det gjer vondt å tenkje på. Spesielt etter å endeleg kjenne kor god den ekte feriefølelsen er. Å ligge som eit slakt på solsenga uten å måtte trene først. Ete pannekaker til lunsj, for deretter å labbe bort til isbaren og glefse i seg tre jordbærkuler. Legge seg att, hoppe i bassenget og seinare kle seg opp til middag. Det er ferie det!

Eg kan ikkje anna enn å anbefale å sleppe opp på den vonde "kontrollen". Det er sååååå mykje friare og betre og det beste av alt: Det er ikkje så skummelt som du trur!!

Springerinneklem

6 kommentarer

Cathrine Narum

10.07.2014 kl.15:20

Jeg kjenner meg veldig godt igjen i det du skriver. Jeg hadde også spiseforstyrrelser i mange år, men er heldigvis frisk nå :) I en periode da jeg jobbet veldig hardt for å bli frisk gikk det veldig bra med maten. Så en dag skulle vi på koldtbord med svigerfamilien. Da måtte jeg be samboeren min hjelpe meg litt ekstra gjennom middagen ;) Det gikk greit, men jeg følte meg veldig utilpass.

Nå har jeg heldigvis ingen problemer med all inclusiv lenger :) :)

Stian Haugen

10.07.2014 kl.16:27

Kult at du skriver på nynorsk. Eller er det samnorsk? Jeg er usikker på hva som er forskjellen.

springerinne

10.07.2014 kl.21:46

Stian Haugen: Hei,det er nynorsk veit du:)

springerinne

10.07.2014 kl.21:48

Cathrine Narum: Sååå godt å høyre at du har det fint no.Det er frykteleg med den sjukdommen,uansett om det er ferie eller i kvardagen.Nyt sommaren!!

10.07.2014 kl.23:51

Midt i det jeg synes er vanskelig! Sole meg eller spise uten å ha trent før, det er jo umulig! Skal snart på ferie og det jeg gruer meg til er nettopp maten. Godt å lese at du har det bra!! Thine

springerinne

15.07.2014 kl.13:09

Anonym: eg forstår at du tenkje slik når du slit med denne biten,men tru meg at du ikkje blir verken råtten eller i dårlig form ved å hoppe over nokre tr økter.Og det meiner eg!!!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv