hits

Ikkje oppsøk dei kroppsfikserte bloggane!

No får eg sikkert ein heil haug med sinte bloggarar etter meg, men det får så være. Eg skriv ikkje dette for å være ekkel eller dømme nokon, og eg skriv heller ikkje til dei som les desse med stor ro. Det er til dei som er sjuke og bruker det dei les til å bli ennå sjukare.




Eg har vore der sjølv. Lest og lagra bloggar og nettsider som beskreiv korleis eg skulle ete for å gå ned i fett %. Det krevde disiplin, planlegging, spesielle matvarer, treningsøkter som forbrente og fekk fram definerte musklar og struttande blodårer. Det var ord og bilder av jenter med sixpack, spretne rumper, solbrun hud og retusjerte kroppar. Eg plukka litt her og der, minska inn, talde kaloriar,skreiv mat og treningsdagbok, takka nei til alt av nei mat og ja til kyllingfilet, cottage cheese og fun light saft. Eg lagra bloggane på favorittar og var innom fleire gongar for dag. Eg brukte dei til å bli ennå sjukare av spiseforstyrrelsen og lukkast godt med det. Likevel blei eg aldri fornøgd, og livsstilen gjorde meg berre meir deppa og inneslutta.



Eg får mailar og telefonar. Det er frå både sjuke og foreldre. Dei har garantert brukt tid på å tørre å ta kontakt, og er ofte redde for å forstyrre. Eg svarar så godt eg kan og eit av svara er nettopp: Ikkje les desse bloggane og nettsidene. Dei er livsfarlege for ein som allereie er inne i den vonde sirkelen. Dei kan påvirke ei usikker og sår sjel så mykje meir enn nokon anar. Den sjuke ser ikkje dette sjølv fordi ein lever i si eiga boble, og i sitt eige sjølvbilde. Den normale verda blir luka ut til fordel for noko som ikkje er eit ordentleg liv. For kven i hulaste lever godt med ein slik kvardag året rundt. Eg forstår ikkje det, og den einaste grunnen til det er oppdagelsen av nettopp det ekte sunne livet. Det å kunne stå opp utan å måtte trene før frukost. Sleppe å legge maten på vekta og planlegge alt frå morgon til kveld. Sleppe å tenkje på mat døgnet rundt fordi ein aldri kan unne seg det ein eigentleg har lyst på og treng.

Kutt ut denne lesninga. Det er kun til det beste for deg og livet ditt framover.




Springerinneklem som heller les dei ekte sunne bloggane " der ute".

 

10 kommentarer

Marit

17.07.2014 kl.14:45

Viktig innlegg! Kjempefin blogg du har!

Kos deg med sommer, ferietid og skatten i magen :)

springerinne

17.07.2014 kl.19:11

Marit: Takk for det Marit. Eg skulle ynskje eg nådde ut til mange med dette. Blir heilt matt av kva som ligg "der ute" og påvirkar så negativt.
God sommer vidare til deg også:)

Mette

17.07.2014 kl.20:50

Hei Kristin, flott blogg du har! Følger den jevnlig. Viktige tema du tar opp. Er så fantastisk å se hvor vakker du er blitt :-) nesten fælt å se de gamle bildene av deg. Til skrekk og advarsel. Gleder meg på dine vegne + gravid oppi det hele. Gratulerer! Du har en spennende tid i møte :-)

Masse lykke til- unner deg virkelig alt det beste. Du har gjort en kjempejobb- vær KJEMPESTOLT av deg selv. En mye større seier enn alle på friidrettsbanen!

Hilsen Mette ( eks løpedame på 800 og 1500m) snart 50 og mor til to ungdommer

marte/jernhelse

17.07.2014 kl.20:50

Åååå eg seie bare AMEN!!!!! Har selv tømt alle lagra blogger frå bokmerkemenyen og eg har jo ikkje savna dei. Ikkje sånn egentlig☺ så nå lese eg någen få med mattips ! Og din då... (ps; ane ikkje koffor dette blei skreve på dialekt. D bare skjedde. Beklage:p)

springerinne

17.07.2014 kl.21:35

marte/jernhelse: Dialekt likar eg, så berre å forsette for min del:) Og tusen takk for at du likte innlegget. Kan ikkje meine det meir!

springerinne

17.07.2014 kl.21:36

Mette: Åh takk Mette. Så hyggeleg og jammen har vi ikkje noko felles også tilbake i tid:) Tusen takk igjen.

Carina Chanel

17.07.2014 kl.21:55

så flott av deg å dele slik! et godt innlegg med god budskap. har selv merket kroppsfiksering og lavere slevtillitt etter at jeg begynte blogge. bloggere seg opp til hverandre, lærer av hverandre og hermer i håp om å også nå bloggtoppen! ikke sunt i det lange løp... absolutt ikke. akkurat nå er det aaalt for mye kroppspress og kroppsfiksering på blogg.no! syntes de burde gå inn og faktisk "forby" lettkledde bilder på forsiden eller noe...

springerinne

17.07.2014 kl.22:18

Carina Chanel: Ja det er nesten om at det ikkje er noko sensur,men det er det jo heller lite av på nettet generelt. Eg trur berre ein må være observant på seg sjølv og unngå å la seg påvirke ved å droppe dei verste bloggane. Det er synd at det er slik.

Jay

18.07.2014 kl.12:38

Har selv vært innom mange av denne typen blogger, men har alltid tatt dem med en klype salt. Heldigvis er jeg gammel nok til å vite hvor jeg har meg selv og plukker med meg det av interesse, mens jeg lett overser resten. Er fryktelig glad jeg slipper å være ung og lett påvirkelig jente i dagens samfunn, for kroppsfokuset har vel aldri vært større enn det er nå. Heldigvis har vi en del fine blogger også (eks. din egen, Linesinspirasjon, Jannes treningsboble mm), hvor man ser friske, aktive jenter som nyter livet og sprer positiv treningsglede og samhold med likesinnede :) Det liker vi!!

springerinne

18.07.2014 kl.19:36

Jay: Ja heldigvis. Følgjer dei same bloggane du nevner sjølv, pluss fleire:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv