hits

Ferietips for småbarnsforeldre

Tenkte eg skulle gje dåkke småbarnsforeldre eit chartertips. Det er kanskje nokre av dåkke som grublar litt på ein tur, og då vil eg gjerne anbefale Bulgaria.Eg var skeptisk på førehand, og hadde ikkje dei store forventningane. Difor vart eg veldig positivt overraska over det som møtte oss. Og vi bestillte berre 4 dagar før avreise.



Vår tur gjekk hit:

Fly: Oslo- Varna
Stad: Golden Sands, 15 minutt frå byen Varna
Pengar: Leva. 4,50 kroner er 1 leva
Prisnivå: Ganske så billig samanlikna med Norge
Hotell: Viva Club
Rom: Vi bestilte såkalla dublettrom( 2 soverom med skyvedør, 2 bad og terrasse mot bassengområdet)
Basseng: 1 vanleg og eit lite for småbarn
Underholdning: Har du barn er underholdniga super. Fleire gonger for dag og på kvelden dukkar hyggelege unge menneske opp på scena og har forskjellig på programmet. Dette gjer ferien for mor og far ennå meir avslappande.



Bassenget frå terrassen

Trening:
I kjellaren finst det ei tredemølle som absolutt er i god stand + vekter. Ikkje det penaste treningsrommet, men har det du treng for litt trim. Du kan også få massasje og diverse behandlingar.
Badeland: 4 minutts gange frå hotellet til Aquapolis( badeland). Litt gammalt og slitt, men har sklier og det barna skulle trenge for litt moro i vatnet.

Mat: All inclusive er vanleg på dette hotellet og hadde fantastisk god mat. Du kan ete både sunt og usunt. Vi tok litt av alt. Og rekk du ikkje frukosten går du berre 20 meter til Snack baren og forsyner deg med brød, pålegg eller småkaker.


Snack baren


Svartehavet

Strand: Ca. 800 meter til stranda og Svartehavet. Det er ikkje langt å gå, og stranda er akkurat slik ei strand skal være. Svartehavet var deilig å bade i med god temperatur. Eg plaska lenge og det seier sitt, for denne dama er kresen på tempen.

Vær: 25 grader stort sett heile sommaren. Nokre ettermiddagsbyger dukka opp enkelte dagar, men det var nesten berre deilig.
Shopping: Hotellet har taxiar rett utanfor og bringe deg til byen Varna og shoppingsenteret Grand Mall. Der var det alt du kan tenke deg, og eit veldig pent og flott senter.
Bylivet i Golden Sands: Det er ei hovedgate som har eit typisk charterpreg. Her er det boder, rastaflettedamer, aktivitetar for barn, pubar, restaurantar, butikkar med fake merkeklede m.m. Ligg 2 minutts gange frå hotellet.

Og det beste av alt: Barna finn som regel nokre å leike med og gjev dermed deg som mor eller far ennå meir pusterom:)

Springerinneklem

Én kommentar

Tine

20.07.2014 kl.09:53

legg meg til som venn så kan jeg lese bloggen din fast :D

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv