Tips til å løpe med gravidmage
Heisan, har akkurat komt inn frå ein varm rolig løpetur. Ja, eg skriv rolig, for det er nettopp det tempoet er for tida. Og roligare skal det nok bli. Det er stor forskjell på å løpe med ein 4 månadars mage, og ein snart fullgått 7 månadars mage. Tenkte difor eg skulle gje nokre tips til dåkke som er i same situasjon, og som likar å halde dåkke i løpande aktivitet.
Dette er tips til deg som har eit friskt og godt svangerskap. Har du bekkenløsning seier det seg sjølv at løping blir vondt og vanskeleg.
1) Tiss rett før du startar. Ta med papir i tilfelle du må bak ei busk undervegs. Eg er blitt så lei av desse småstoppane at eg vel å halde meg til eg kjem heim.
2) Begynn rolig, gjerne med å gå eit par tre minutt.
3) Spring på mjukt underlag. Har du mest asfalt rundt deg, spring du på sida av vegen. Der er det som regel litt grus, men det beste er å oppsøke skog og mark.
4) Hald eit jamnt og roleg tempo. Får du kynnarar, går du til dei gir seg.
5) Gå i bratte nedoverbakkar. Då unngår du dei verste støta.
6) Er det varmt og du vil være ute i ein timestid bør du ha med vatn.
7) Eg spring sjeldan meir enn 40 minutt. Då kjenner eg at det er alldeles nok, men dette kjenner du på sjølv. Husk berre å lytte til kroppen.
8) Innfinn deg med at det ikkje er noko nedtur å måtte gå innimellom. Du får fin trening likevel. Det er heller ikkje noko nedtur om du må snu før du har tenkt.Det du bærer er det viktigaste tross alt.
Springerinneklem