hits

Morsom løpeøkt i sola og skuggen

Det er steikande heitt ute. 26 grader i skuggen kjennes spesielt godt når ein er ute på løpetur. Trym får nøye seg med gåturar i skogen like i nærleiken, for makan til pusting og pesing skal ein leite lenge etter. Trur han kokar godt innanfor pelsen.


Har sjølv vore ute og løpt. Valde skogen i dag då der er litt meir skugge, og fekk spontant lyst til å løpe ein lett fartsleik. Ja, i mitt forholdvis behagelige tempo. Fann nemleg ut at sola og skuggen kunne bestemme kor eg skulle auke og senke farten. Skogen var ikkje så tett så det fungerte faktisk veldig bra. Blei ikkje så lange draga, men passe korte for min "statusform" i dag. Og så var det litt artigare enn å springe i det einsidige tempoet som eg pleier. Så skal du ut på intervall er det glimrande å bruke skogen, skuggen og sola til fartsleik. Berre eit lte heitt løpetips i dag:)

Godt å legge seg nedpå etter økta.

Sit elles med skriving av eit spennande sprekt magasin. Prøvde å sitje ute i sola, men det fungerte dårleg, så då var det berre å rigge seg til inne igjen. Ha ein fin ettermiddag og kveld i solsteiken.

Spingerinneklem

3 kommentarer

Jay

22.07.2014 kl.13:20

Haha, jeg var inne på samme tanken på Kreta ;-) Hadde som mantra "will run for shade", hihi...

springerinne

22.07.2014 kl.19:14

Jay: :) Var innom bloggen din og såg bilder derifra. Det er jammen bra gjort og kome seg ut i heten på ferie. Creds til deg:)

Jay

22.07.2014 kl.23:40

Hihi, takk for det!! Vi hadde heldigvis mye bra løpevær denne gang ;-)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv