hits

Heite og forkava

Prøver å senke tempen ute på terrassen. Er ennå heite og forkava etter ein knallvarm dag. Har vore byn rundt etter ei vifte, men det er utsolgt overalt. Trukje det er heilt vanleg her til lands gitt.phu..skulle gitt mykje for litt kald luft i fleisen no...

Trym og eg løpte ein roleg tur i ettermiddag, og på vegen fekk vi begge oss ein kald dusj frå ein mann som spylte ei tennisbane langs vegen. Det fekk oss til å forsette litt lengre, men det tok ikkje lange tida før alt var like tørt. Etterpå sette eg meg i bilen og køyrde til Midtsjøvann for ein dukkert.

Skrøner ikkje viss eg seier at det var 23 grader i vatnet. Heilt vilt heitt og godt. Kunne svømt lenge, men sjøelskaren som eg er, likar eg meg ikkje så godt slike stille små vatn. Berre det å sette ned beina i ei slags myr er ekle greier.



Måtte knipse desse flotte kornfargane like ved vatnet. Er eg ikkje vane med dette heimaifrå, og synes det er fantastisk vakkert.

Vel, no har dama dusja to gonger i kaldt vatn, for etter ei gloheit kyllingsuppe sette svettinga i gang att asap. Phu...

Ynskjer dåkke ein nydeleg tysdagskveld vidare.

 

Springerinneklem

 

P.S

Er det nokon som har eit tips til kor eg kan bade i sjøen uten den største køa?Gjerne i nærleiken av Ski ein stad.




 




 

2 kommentarer

Jay

22.07.2014 kl.23:45

Så fin terasse dere har. Ser ut som Trym også koser seg der ;) Et lite tips til å kjøle deg ned; klaps litt kaldt vann i nakken. Det hjalp meg i varmen i dag :)

springerinne

23.07.2014 kl.07:21

Jay: Takk for tips. Slitsomt å dusje heile tida:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv