hits

Phu..

Ikkje den store action herifra for tida. Orkar jo nesten ikkje å gjere noko i denne heten. Trudde faktisk  ikkje varmen skulle slå meg så ut, men så er det første gong eg går med kulemage og ein kropp fullstappa av hormonar på denne måten. Men som dåkke ser er det ikkje  berre matmor som er slappfisk..Trym ligg stort sett slik dagen lang..uvant med ei så roleg bikkje i hus. Må innrømme det er litt deilig og.

Har gjort det meste for å senke tempen:  Bada, dusja i kaldt vatn, shoppa i deilig aircondition, gått ekstra runder rundt frysediskane på Rema, dusja ein gong til, kledd meg opp med våt og kald klut, drukke iskaldt vatn, køyrt bil med full aircondition..ja det meste. Hadde det berre vore ei vifte å oppdrive...




Pust, pes...klar for TV titting saman med kluten.


Tåmodigheita var ikkje stor på stranda i går, men eg fekk no bada denne skrotten i det lunka vatnet.


Hadde ikkje tid til å vente med å gå i kjolen, så eg la ræva på disken så dama fekk kobla av alarmen. Her er eg heime att etter å ha vist meg  fram i nye kjolen på senteret. hehe...Sjå vekk iifrå flekkane på spegelen. Det er Trym sitt slafs når han har drukke sine liter med vatn.:)

Vel, no ventar det ein tur til Sørumsand for venninnebesøk og bading i Glomma. Kryssar fingrar for at den er kald.

Ha ein fin dag dåkke:)

Slapp Springerinneklem

 

2 kommentarer

Liv Astrid

24.07.2014 kl.12:32

So fin du er. Sitter på kontoret i 29,9 grader. Varmt. Men skal vel ikkje klage når varmen først er komt. Høyrast kjekt ut å bade i Glomma. Det gjorde en når eg var liten på ferie. Når vendar du nasen mot Lillehammer for godt? Lyst å få besøk når babyen er komt ut og roen har senka seg?

Klem Livat

springerinne

24.07.2014 kl.16:29

Liv Astrid: Tusen takk gode venninne. Sjølvsagt er du velkommen. Det er du ALLTID og truleg har vi nytt hus innan den tid og då er det plenty av plass også:):) Du er hjerteleg velkommen:) Stor klem

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv