hits

Badenymfe i Glomma

I altfor mange år var eg livredd både bikini og å bade. Ville overhode ikkje vise meg offentleg og hata den vesle bikinidrakta som skulle treast på. Skulle eg bli brun gjekk det til nøds i treningstopp og kort tights. Jada...Er veldig glad for at den redselen er borte. Ikkje det same å bade i masse kle akkurat.

Ei venninne og eg tok turen til Glomma kor vi fann ein fin plass for oss sjølve. Det brumma berre nokre fine båtglis forbi no og då. Eigentleg var det litt merkeleg då eg er vane med sjø, hav og båtliv. Ikkje elv og båtliv, men så er jo Glomma passe stor då.


Det kom eit solid tordenvær der vi låg og duppa og fann etterkvart ut at vi skulle komme oss derifra. I det vi hadde pakka saman alt og skulle til å gå slo lynet ned i trea rett bak oss.  Vi hylte begge to, og kom oss vekk i racarfart. Skal ikkje forundre meg at krabaten (7mnd) i magen skvatt til også.

I dag blir det å forsette nedpakkinga av leigisen. Har kome bra i gang, men det tek tid å gjennom alle skapa med dill dall. Elskar å kaste, så det har gått ein del posar i søpla. Min kjære og eg har også funne eit hus vi veldig gjerne vil ha, men eg tør ikkje håpe for mykje i tilfelle det ikkje går i boks. Men kryssar fingrar og tær for at vi er heldige. Hadde vore toppen å kunne flytte rett inn i ein enebolig med fem soverom. Livet mitt frå ein månad vil nemleg bestå i litt flere folk rundt meg enn det eg har vore vane med her dei siste åra.



Håpar dåkke får ein flott dag.

Springerinneklem

8 kommentarer

lineinspirasjon

25.07.2014 kl.09:21

Hjelp, fem soverom, skal du ha vaskehjelp evt være husmor på fulltid? Så fint at livet behandler deg bra om dagen. Men du, jammen er det bra å flytte litt på seg i ny og ne jfr ein får oversikt over kor myke skrot ein egentlig har, og ikkje minst ein finn gjerne igjen kle som har vore gøymt langt inne i skapet i årevis. Gjorde samme erfaringa for etpar veker sidan.
Så flink du er! Kos deg masse :)

springerinne

25.07.2014 kl.11:53

regineaf:: Takk det samme:)

springerinne

25.07.2014 kl.11:55

lineinspirasjon: Det blir husmor for fem på halvtid og for tre på fulltid:) Men det gler eg meg berre til, sjølv om eg sikkert får meg ein i fleisen etterkvart. Men utfordringar er til for å takast. Og ja,det er berre bra å flytte på seg innimellom, men det blir rart å flytte til ein heilt ny by. Litt skummelt, men mest kjekt. Håpar du trivast der du har flytta til, men du er vel ikkje så masse heime kjenner eg deg rett:):)

lineinspirasjon

25.07.2014 kl.12:24

Ojsann, det var ikkje måte på! Blir heilt sikkert spennende og lærerikt. Eg for min del bur på kun 50 kvadrat no. Bortreist like myke som eg er heime, tar meg vel ein svingom med vaskekosten fire-fem gonger før jul :)

Julie

25.07.2014 kl.18:27

Så fine bilder, jeg har og badet i dag ! :)

Ta gjerne en titt innom bloggen min, legg gjerne igjen en kommentar og :))

springerinne

25.07.2014 kl.21:22

Julie: Så deilig. Elskar å bade, og jammen blir det ikkje ein badedag imorgon også:)

springerinne

25.07.2014 kl.21:23

lineinspirasjon: hehe, håpar det ja.:)50kvm er akkurat passe for 1. Har levd på 42kvm i 2 år og det har funka fint for 1,5:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv