hits

Når er ein eigentleg frisk frå ein spiseforstyrrelse?

Når er ein eigentleg frisk frå ein spiseforstyrrelse?

Mange har spurt meg om dette. Grunnen er at dei føler seg 90% friske men opplever at SF dukkar opp i tankane no og då. Det kan være under måltid, i selskap, på ferie, eller berre heilt plutseleg heime i sofaen. Dei fortel at det ikkje er plagsomt i stor forstand, men skulle gjerne vore heilt fri frå tankane.

 

Eg prøver å svare etter slik eg sjølv har hatt det dei siste åra.

Første året med hjelp prega sjukdomen meg kvar dag. Eg opplevde at begrensingane blei svekka litt etter litt, men det sat djupt å klare å kvitte seg med alt grumset som eg hadde opparbeida over 13 lange år

2 år etter hjelpa vart kvardagen betre, men eg merka fortsatt at det å kose seg med is, sjokolade, kaker, etc ikkje var det enklaste. Det skjedde som regel viss det var selskap eller andre anledningar.

I fjor, altså etter 3 år, kjøpte eg min første is på eige intiativ, eg insisterte på å ha fløyte sausen til ein betre middag og det gjekk fint å bestille take away pizza. Eg har heile vegen teke små steg slik at hovudet er med på handlingane. Det er "dessverre " ikkje noko anna som funkar enn tålmodigheit.

 

Når det skal seiast kan eg fortsatt få dårleg samvit. Sjeldan over maten, men viss eg ikkje har trena på fleire dagar. Då kjenner eg uroen i kroppen, og tankane flyr gjennom hovudet at no burde eg vore ute i litt aktivitet. Eg vil ikkje sei at det betyr at eg ikkje er frisk, for mange av oss får nettopp denne dårlege samvita utan at vi er sjuke av den grunn. Trening er jo sunt så lenge det ikkje er tvang, og det er i normal forstand. Eg har gått frå å trene to gonger for dag til å gjennomsnitleg trene 4-5 gongar i veka, og det er ikkje snakk om lange fleire timar når eg først er i gang. Det kan holde lenge med 30-40 minutt.

Å være frisk i mitt hovud er å kunne stå opp om morgonen og være fri frå den angsten ein spiseforstyrrelse gjev ein. Å kunne nyte livets goder og kjenne at kroppen på same tid slappar av. Det er å være frisk for meg.

Springerinneklem






2 kommentarer

Cecilie

28.07.2014 kl.11:41

Godt skrevet vennen! <3 Babysteps har jeg alltid sagt, selv om det er en klisjé så er vi faktisk begge et bevis på at det funker :)

springerinne

28.07.2014 kl.14:54

Cecilie: Yess, det er heilt sant bestisen min:) Savnar deg:) Klem

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv