hits

Tips som ligg mitt hjerte nær

Sjølv om eg ikkje har budd heime i Nordfjord på mange år, ligg hjertet mitt der. Og for deg som ikkje har vore på desse trakter har eg nokre tips som du med godt hell kan sjekke ut. Eg reiser med min kjære i morgon, og kryssar fingrar for litt oppholdsvær når vi først er der.

For eventyrelskaren

Du bør ikkje ha høgdeskrekk viss du skal teste Via Ferrata i Loen. Dette er ein spektakulær tur med guide der utsikten som ventar på toppen er den store bonusen.



Du går først  time frå Hotel Alexandra. Deretter startar Via Ferrata der du klatremetrane er totalt 950 meter. Når du står på toppen er du 1010 meter over havet og det er temmeleg luftig undervegs. Heile turen med guide  tek mellom 5 og 7 timar og kostar 900 kroner inkludert klatreutstyr.

Til topps på Skåla - også med startnummer

Fjellet Skåla er kjent for motbakkeløpet Skåla Opp. Det ligg like i nærleiken av Via Ferrata, så viss den opplevelsen blir for skummel er dette eit sikrare alternativ. Først møter du på skog, men det tek ikkje lange tida før skoggrensa er over og du får meir og meir utsikt over landskapet rundt deg. På toppen ligg Skålatårnet kor du kan overnatte i pizzaliknande senger. Årets motbakkeløp går for øvrig den 16. august og blir mellom anna sendt på NRK. Sjå meir her. Du kan velge med eller utan tidtaking.

 
Frå Skåla opp. Loen og hotel Alexandra ligg i botnen. Foto: Fjordingen

For fruktelskaren

Er du glad i norske epler, plommer og pærer? Då treng du ikkje reise langt frå Loen før du kan plukke di eiga eple eller plommekasse. Ta turen forbi Stryn mot Nordfjordeid, og ta så av til bygda Blakset. Der har familien min fruktgard som i tillegg har ein nydeleg utsikt utover Nordfjorden. Her kan du plukke i fredelege omgjevnader, og velje blant flleire sortar. Eplene er ikkje ferdige før i september, men plommene er modne før den tid.

Eplesorten Discovery er nydeleg. Her frå ein av alle bakkane fruktrea står:)

 

 

 Sydenstemning

Heilt ute ved kysten ligg Refviksanden. På ein godværsdag er dette som å kome til syden. Vakrare kan det vel ikkje bli. Det tek derimot ein del timar å køyre for å kome seg dit, men er det sol og varme er det vel verd turen.



Dette var nokre lokale tips frå ei som aldri vil gløyme røtene sine og som reiser heim så snart mulegheita byr seg. Som denne veka.

Springerinneklem

 

5 kommentarer

lineinspirasjon

29.07.2014 kl.18:27

Husk å helse til hotellet og fjellet mitt. Håper å være publikum på Skåla Opp i år, opp på toppen og ned att i skråninga før løparane kjem.....

springerinne

29.07.2014 kl.20:02

lineinspirasjon: Det skal eg gjere veit du:) Passerer der imorgon ettermiddag:):)

Jay

30.07.2014 kl.11:36

Nå fikk jeg skikkelig lyst på et discovery eple!! Skåla og via ferrata Loen derimot tror jeg at jeg står over inntil videre, da jeg får hlydeskrekk bare ved å se på bildene :p God tur hjem :-)

marte/jernhelse

06.08.2014 kl.20:07

Aaasrgh.... nå blir jeg litt sinna. skålåopp!!! Skulle delta jeg men har fått betennelse i fettputen under hælen 😕:-( sååå skuffa

springerinne

08.08.2014 kl.12:14

marte/jernhelse: Nei nei, så kjipt. Men du kan ikkje gjere anna enn å lytte til kroppen. Slik er dessverre dette livet gitt. Surt, men du kjem att sterkare!!!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv