hits

Eplekake frå eigen hage

Har du epletre i hagen din kan det bli ein himmelsk god tysdagskos. Eg er bortskjemt med ein heil fruktgård på heimebane, og i nyehuset som vi snart flyttar inni er det jammen det epletre der også.



Eplekaka under er frå ekte Stryne epler, og er det noko eg MÅ ha, så er det mykje epler i kaka. Ingen vits i å spare på det beste 

  • 400 g smør
  • 350 g sukker
  • 6 stk egg
  • 2 ts bakepulver
  • 1 ts vaniljeessens
  • 6 stk syrlige eple
  • kanel og sukker

Rør saman sukker og smør til det er lett og luftig. Tilsett et egg av gongen og rør godt imellom. Om det skulle skille seg, kan du ha i litt hvetemel slik at det binder seg betre. Sikt inn alt det tørre og bland godt saman.

Skrell og skjær epler i skiver. Ha røra i ei stor rund smurt form (28 cm i diameter). Legg på alle epleskivene, og ikkje vær gjerrig her. Strø ei blanding av sukker og kanel på toppen.

Bak kaka på 180°C i ca. 1 time.

 

 



Klar for å nytast:)




Mor i eplehagen, og ho er mykje betre på å bruke epler i forskjellige former enn eg. Har ein del å lære gitt.

Ynskjer dåkke ein fin tysdag:)

Springerinneklem

2 kommentarer

Marthe

12.08.2014 kl.20:52

Elsker eplekake! For min del er det helt klart at høsten kommer når den kommer på bordet. Et tips er forøvrig opp-ned-eplekake. Da blir eplene skikkelig saftige! Rett og slett eplene på bunnen og deigen oppå.

God tirsdag. :)

springerinne

12.08.2014 kl.22:37

Marthe: Det skal eg prøve. Høyres veldig godt ut!:):)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv