Ein nydeleg rett
Det er ikkje verst å få servert middag av ei god venninne i si eiga hule. Etter timar i Oslo var den gravide lettare sliten, så det passa meg ypperleg å kome til duk og dekka bord. Og jammen var det ein ufatteleg god rett ho lagde.
Marinert svinekjøtt med søtpotetsalat og fetaost
Svinekjøttet steikte ho heilt perfekt, men det var potetsalaten som toppa det heile. Retten er forresten etter inspirasjon frå Jamie Oliver.
Poteter og søtpoteter kokast i terningar med litt salt i vatnet. Fetaost og koriander hakkast opp, og det heile blandast saman til ein lun potetsalat.
Den MÅ berre prøvast. Tusen takk Ragnhild:) (Retten fortente derimot betre bilder)
Springerinneklem
P.S Gratulerer med EM sølv Henrik. Fyflate kor spennande!!