hits

Kyllingsatay med peanøttsaus

Lagde ein deilig middag i går kveld. Kyllingsatay med peanøttsaus. Har aldri brukt peanøttsmør på denne måten før, så eg var spent på korleis det heile ville smake. Vel, hadde ikkje lagt ut oppskrifta her viss det ikkje blei godt. Mmmmm..anbefalast!






Her er oppskrifta:
600 g kyllingfilet
1 dl ketjap manis, søt soyasaus
1 ss sambal oelek, chilipasta
2 ss soyaolje
1 ss sesamolje
1 ss reven frisk ingefær
1 fedd kvitløk
2 ss hakka fersk koriander

Peanøttsaus:
½ glas grovt peanøttsmør
½ glas vatn
Resten av marinaden

Bland alle ingrediensane til marinaden. Skjær kjøtet i tynne skiver og tre den på spyd. Pensle marinaden på kjøttet og la stå i 30 minutt. Grill spyda over sterk varme, eller ha dei steikeomnen på 200 grader. Kok opp vatnet, visp inn peanøttsmør og resten av marinaden.

Mangosalat:
Bland mango i små bitar med litt finsnitta vårløk, limesaft, bitte litt sukker, reven fersk ingefær og hakka koriander. Server med ris.

Peanøttsausen er mektig, så du treng ikkje all verda på før det blir for mykje. Men den smakte ypperleg til kyllingen og risen.

Det blei tid til litt brødbaking innimellom middagskokkinga. Det må til når to aktive barn ventas i løpet av dagen. Då er det ikkje hjelp i med tom frys.:)

Oppskrifta veit eg ikkje konkret, då eg berre tar alt på slumpen, men ingrediensane var fint og grovt hvetemel, gjær, lunka vatn, salt, sirup og olje. Thats it!:)

Legg til slutt ved eit bilde frå ei real syreøkt på fredag. Gjekk dei 936 trappetrinna opp Lysgårdsbakken, og då fekk eg verkeleg kjenne at forma kunne vore betre. Men, det er ikkje det som er det viktigaste for tida tross alt. Berre 5 dagar til termin no, så får begynne å lade opp. Hjelp!



Ha ein fin dag så lenge:)

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv