hits

Løpevogntips?

Noah har ennå ein del månadar att før han kan sitte i løpevogn, men det hadde vore kjekt med tips frå dåkke som har brukt / brukar dette. Eg anar ikkje kva som er bra og ikkje bra, men veit at eg vil ha ei løpevogn som er lett og tåler litt meir enn berre asfalt. I går jogga eg i 45 minutt med Emmaljunga vogna. Den er super å trille med, men tung å løpe med. Noah sov som ein stein medan mors pulsklokke tikka godt opp mot 150 i puls ( og ho har lav maks puls...), og vakna ikkje før vi var inne i stova. Snakk om murmeldyr. Trukje han har fått sovehjertet til mor iallfall.

 

Det er ikkje det beste løpeføret her på Lillehammer for tida. Is under eit tynt lag med nysnø betyr smånervøs tripping. Men sjølv kor påpasseleg eg var klarte eg å tryne skikkeleg ned ein bakke. Det gjekk fint med vogna då eg tviheldt på den, men det var ikkje så godt å lande på blanke isen akkurat...

Det er fantastisk godt å løpe utan den tunge magen. Det slår meg kvar gong eg er ute og småtrippar. Føler nærmast at eg flyr, men klokka viser at det overhode ikkje er tilfelle. Hehe, men det gjer heller ingenting. Verdensmesterskapet i friidrett er nok passe for fleire år sidan likevel:)

Vil forresten takke for alle gode ord etter VG reportasjen i går. Det varma veldig og betyr mykje.

Ynskjer dåkke ein fin søndag og så håpar eg på nokre løpevogntips( sjølv om eg har god tid til å finne ut av det).

Springerinneklem






8 kommentarer

Beate

14.12.2014 kl.09:17

Mountain buggy terrain! Lett vogn, brukt mykje i barkeløyper og skogsveiar. Veldig god:-) Litt lang når den blir slått sammen, men den er virkelig verdt pengane:-)

Maria

14.12.2014 kl.10:30

Jeg vet at Siri, som skriver 5-over-bloggen, har god erfaring med dette. Kanskje du skal sjekke hennes blogg?

springerinne

14.12.2014 kl.11:22

Maria: Tusen takk. Den skal eg sjekke ut;)

springerinne

14.12.2014 kl.11:22

Beate: Superdupert. Tusen takk for tips:)

Birgitte

14.12.2014 kl.11:33

http://www.jollyroom.no/produkter/trille-joggevogn-svart

Denne synest eg er super! Lett vogn til både fjellturar og jogging på asfalt! Eg har brukt den frå3-4 med alder og til 3,5 åringen som braut foten i vår.

Laila

17.12.2014 kl.13:01

Hei,

Vi løp mye begge to med en Easywalker Sky. Vogna er lett å manøvrere og veier lite. Den var fin å løpe med selv på vinterføre. Vi brukte den som løpevogn den første perioden vi brukte bag og senere da vi hadde byttet til sittedelen. Vi ventet med å kjøpe Babyjogger fordi ryggen ikke kan legges ned i liggestilling. Når det er sagt, er det ikke tvil om at de store hjulene på Babyjoggeren gjør det MYE lettere å løpe.

Kos deg med vognløping! Mannen hjemme hos meg perset på halvmaraton etter en lang vinter der han løp med vogn daglig :-)

springerinne

23.12.2014 kl.13:38

Laila: Tusen takk løpemamma:) Denne skal eg sjekke ut:) Innan den tid får eg løpe litt med Emmaljunga vogna dei dagane eg ikkje slepp ut åleine:)God trening det også. Pust pes:)

Silje

15.01.2015 kl.06:30

Mountain buggy terrain uten tvil :)

God plass til småen og fantastisk på alle områder. Verdt at den er litt lang slått sammen

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv