hits

Video: My "boxing baby"

Snart er Noah tre månadar, og det blir berre morsommare og morsommare å vere mamma. Han pratar i veg, og elskar å tilbringe tid i babygymmen. Må difor berre dele denne videoen. TRYKK på bilde eller HER og sjå. Kanskje det er ein boksar i vente? ( Beklager kvaliteten, men det er teke med mobil på kveldstid)



I dag prøvde eg barnevakta på Elexia for andre gong. Noah hadde sovna på vegen så eg ga frå meg ein stille gutt til jenta i barneavdelinga. Synes det er heilt fantastisk å kunne få moglegheita til å trene på føremiddagen og på same tid vite at Noah er i gode hender. Er så langt kjempefornøgd med senteret. Ellers må eg sei at det var perfekt å flytte til Lillehammer like før fødsel. Har iallfall fått ei god treningsvenninne som har ein gutt som berre er to veker eldre enn Noah, og som likar å både løpe og trene styrke. Det set eg stor pris på.

Det går framover med løpinga, men merkar at eg ikkje har trena beinstyrke på mange månadar. Leggane er passe stive etter intervall på mølla. Men eg trur det skal komme seg temmeleg kjapt med jamn og tru trening.



Eit lite kveldsbilde frå Lillehammer. Noah ser syner ( blitzen).:) hehe

Ha ein fin kveld. Her ventar det kveldsbad:)

Springerinneklem

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv