hits

Den første songen

Eg sov to netter på sjukehuset etter fødselen. den siste natta åleine.  Eg huska kor skummelt det var, sjølv om eg kunne dra i snora etter hjelp frå barselavdelinga. Men så kom eg på at eg kunne laste ned barnesongar på Spotify. Kanskje det ville roe ned andrenalinet nokre hakk?

video:img2682

Det funka veldig bra og sidan har vi høyrt på dei same songane titt og ofte, og Ole Brum er utan tvil favoritten.

Fungerer ikkje videoen kan du klikke HER

I dag var eg på Elexia. Noah var sjølvsagt med, og til no har han sove søtt i barnepassen. Men det er litt meir styr å dra på trening i dag samanlikna med før. Då kunne eg berre hoppe i tightsen og begynne treninga. No må eg passe på at Noah er mett slik at han søv, pakke bag med ekstra bleier og body, plassere han i bilstolen, inn med vogna, skape bilen, køyre, ut med vogna, ..ja...det tek fort litt meir tid berre det å kome til og frå. Det er likevel så inderleg vel verd det, for himmel så og god han er. Trening er trening, Noah er livet.




Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv