hits

Ein enklare mammakvardag

Då eg gjekk gravid var tankane mest på han som låg i "hiet" sitt og på fødselen. Det blei så oppslukande at tankane på det som kom etterpå var forholdsvis fjernt.
Det skulle derimot snu raskt, for då Noah kom, gjekk det ikkje ein dag utan at eg trengde det og det for å gjere kvardagen enklare. Som for eksempel dette:

Eit nest er ei lita seng som liknar på ein kano. Denne kjøpte eg på finn.no av ei dame som lagde dei på hobbybasis. Trur ikkje det er lett å få tak i slikt på butikkane. Iallfall ikkje der eg sjekka. Betalte 550 kroner og det har vore vel verd pengane. Noah ligg i det om natta i si eiga seng ( mest første månaden), den er super viss du vil ha babyen mellom deg og din kjære og så føler babyen seg meir trygg med ei mindre seng. På bildet over er han berre nokre få veker gammal.

Ammeputa er også noko eg har brukt mykje, og den er absolutt ikkje berre for dei som ammar. Den kosta 500,-.

 

 

Babygym og bamse. Hehe.. to gode kombinasjonar. Noah likar seg iallfall når han får pludre og vinke med armar og bein. Kosta 449,- på Brio.



No når guten er blitt 3 mnd trenar han å ligge på magen og løfte nakken. Spegelen kosta 250,- på Brio. Gull verd for å få han fokusert og nysgjerrig nok til å halde ut.



I vippestolen kan han være med på do, når eg vaskar, bakar osv.. Må jo være med der det skjer:) hehe.


Hehe. Ikkje eit "må ha" plagg, men moro fordet:)

Springerinneklem

 

 

 

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv