hits

Litt av ei helg

Tidleg tidleg fredagmorgon reiste min kjære til utlandet og like etter låg eg i doskåla med omgangssjuka. Ikkje det kulaste når ein er åleine med ein baby, men heldigvis gjekk det over til kvelden kom. For då venta eg besøk av barndomsvenninna mi. Ho hadde farta langvegsfrå med både ferge, buss, fly og tog så det var jammen godt forma var oppadgåande.

Blåmann i Lillehammer har nydeleg mat. Denne paien med bacon er min lunsjfavoritt. Mmmm.....



Liv Astrid og eg har vore gode venninner sidan ungdomskulen. Sjeldan vi ser kvarandre, men det er like kjekt kvar gong. Tusen takk for ei koseleg helg Liva.

Helga blei alså ei heilt anna enn eg frykta, så i går blei det tur til sentrum for lunsj og shopping og seinare til Strandtorget for meir shopping. Noah var i godt humør og kosa seg i handlevogna. Først var han superblid og fulgte nøye med på kva jentene styrte med, men midt under Hennes og Mauritz racet sovna veslegullet. Då hadde han fått nok av dagens shoppingrunder. Hehe..


Klar for Strandtorget:)

Fortsatt gladgutt:)



Men så sa det stopp....:)

No blir det åleinetid med veslegutt til imorgon, men då kjem papsen att.:)

Ha ein fin søndag vidare.

Springerinneklem

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv