hits

Noah blei Noah og kake i magen

I går blei Noah døypt i Lillehammer kirke, og etterpå samla begge familiane seg heime hos oss. Det blei stinn brakke med 30 stykk til heimelaga betasuppe, bollar og mengder av kake.

Og om du lurar?Ja eg kosa meg med kaker..med godt samvit.

Spent dåpsdebutant;)



Dåpskjolen som farmor sydde for mange mange år sidan.

 

"Godt" han ikkje skjønar noko der han ligg i "prinsessekjolen".

 


Litt mat måtte til ( men eg slapp å skifte bleie...Takk og lov)

Far og sønn





Gladgutt



Det er deilig å endeleg kunne ha eit godt forhold til kaker igjen, for det var overhode ikkje morosamt å være den einaste som fekk panikk berre det kom ein kremklatt på tunga. No kan eg sleike slikkepotten, og forsyne meg med akkurat den kakebomba eg vil ha utan tankekaos resten av dagen ( og dagane etter).  Vil beskrive det som ei rein friheit.


Fann oppskrifta HER


Kaker i mengdevis.

Cupcakes....olalla



Tantebarna mine Johanna og Olina. Første gang på besøk.

 




Kristnaokle som mormor lagde i si tid. Skulle visst brukast inn og ut av kirka.



Gaven frå oss. Sølvforgylla smokk i spesiallaga ramme på Sagbakken Glass. ( Trykk på lenken) 

Søt heimesnikra toalettmappe frå ein av gjestane.






Mmm..kan nesten ikkje vente..

No er huset rydda, og eg er så smått i gang med å gje dåkke ein testomtale på ei superfresh løpeklokke. Er ikkje den mest avanserte på denne fronten og set stor pris på at løpeklokkene er enkle i bruk. Så får testomtalen seie meir ein anna dag;)

Springerinneklem

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv