hits

Deilig foccacia

Vi er sju "småbarnsmammaer" som møtes ein gong i veka for prat og mat. Alle tek med ein liten "godsak" kvar, noko som har resultert i ein ordentleg festlunsj kvar gong ( ja eg gler meg iallfall til den lunsjen jenter). Foccacia er noko av det som har blitt servert, og i går måtte eg teste ut dette sjølv.

 

Oppskrifta fann eg på Trines Matblogg, og den svarte absolutt til forventningane. Bloggen til Trine er for øvrig ein eg ofte er innom då eg alltid finn noko godt å lage.

Deigen:
50 gram gjær
1 liter vann
6 ss olivenolje
2 liter hvetemel
1 ts salt
1 ts sukker

Garnityr:
olivenolje
flaksalt
frisk eller tørket rosmarin

Løs gjæren opp i lunkent vann. Tilsett olivenolje, salt og sukker. Elt inn hvetemel. Deigen skal ha en " tykk grøtaktig" konsistens. Tilsett litt olivenolje helt mot slutten slik at den smører seg rundt deigen. Dekk bollen med plastfilm og sett til heving ca 30-40 min, til dobbel størrelse.

Hell deigen over i en smurt eller bakepapirkledt stor langpanne. Klapp deigen til den dekker formen. La brødet etterheve under plast i ca 20-30 min. Prikk hull i deigen med fingrene. Ha eventuelt litt av oljen på fingeren så slipper du deigkliss på fingrene. Ringle litt olivenolje over det ferdighevede brødet og dryss over flaksalt og eventuelt rosmarin.

Stek på nederste/nest nederste rille i varm stekeovn 225 oC i 30-40 min. Avkjøl på rist.

Du kan også bruke oliven eller soltørka tomat i foccaciaen:)



Mmm....nytelse.




Dagens sjokogrimase:)

Ha ein fin kveld:)

Springerinneklem

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv