hits

Anstrengt forhold til trening

Etter innlegget i går fekk eg blant anna dette spørsmålet frå ein lesar:
-Hvordan gjorde du det med trening når maten og kroppen var på plass. Forholdet til trening er veldig anstrengt fortsatt, så hvordan kan jeg få tilbake gleden ved å trene?

Då eg var sjuk var all trening tvangstrening.  Det var omtrent ikkje ei økt som var lystbetont. Eg gjorde berre det monstret kommanderte. Og det gav seg ikkje før treninga var gjennomført. Det tok difor lang tid før eg klarte å bli fri frå tvangstreninga. Den hadde jo dominert så altfor lenge. Likevel betra det seg etter at eg fekk hjelp. Ikkje over natta, men med tida. Eg begynte for eksempel å kutte løpeturane på svarte natta(0430 er natt for meg i dag, men langt frå den gongen) , slik at eg fekk meir søvn og overskot. Det var vanskeleg i starten, og eg sprakk fleire gonger. Heldigvis hadde eg « dama mi» som hjalp meg ut av dette.

 Idag er det over fire år etter at eg søkte om hjelp. Dei åra har eg brukt godt, men om eg blir heilt kvitt den dårlege samvittigheita etter fleire dagar fri er eg usikker på. Noko av fortida vil nok sitte i lenge ennå, men så lenge det ikkje er plagsomt ser eg på det som temmeleg normalt.

 



Til deg som slit med eit anstrengt forhold til mat:
Eg vil du skal skrive ned øktene dine i løpet av ei veke. Skriv lyst, eller tvang på kvar enkelt økt.  Viss alt er tvang ville eg avtalt med ei venninne å trene saman ein gong i veka. Då blir det mykje kjekkare der dåkke kan skravle og kose dåkke. Dette vil forhåpentlegvis gje deg glede ved treninga litt etter litt.  Eg gjorde dette, og sjølv om det var litt skummelt å trene med andre, så syntes eg det var mykje kjekkare enn å holde på åleine med tankane mine. For det er jo når vi er åleine det står på som verst i topploket. I tillegg må du stole på meg når eg seier at det overhode ikkje gjer noko å la kroppen kvile. Prøv å lytte til signala den gjev og følg dei. Kroppen vår er unik ved at den seier frå når nok er nok. Og når den er sliten kan du ta fri med godt samvit, og på same tid ete det du pleier. Du forbrenner mykje sjølv om at du tek treningsfrie dagar, så du treng ikkje føle latskap ved å gjere noko heilt anna enn å trene.

 

 Håpar dette svaret hjalp litt.

Springerinneklem
 
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

 

4 kommentarer

Som eier av MyRevolution kan jeg skrive under på at vi også har fått mange henvendelser omkring samme tema. Syns du tar for deg mye bra her. Bra refleksjoner. Stå på!

Ronny

springerinne

19.02.2015 kl.12:28

Oddstips for de som vil vinne : Takk for det Ronny!

Spinnvinn.com

24.02.2015 kl.12:41

Heia deg! Håper du skriver med om dette. Er alt for mange som prøver prestere som toppidrettsutøvere. Dette gjerne uten at de har kompetanse til det (eller kompetente nok trenere). I allefall uten nok oppbacking av et støtteapparat. Redd veggen blir neste.

springerinne

24.02.2015 kl.13:47

Spinnvinn.com: Hei, ka slags erfaring har du med dette sidan det kan virke som at du ser det ofte?

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv