hits

Søkjer "jungeltelegrafar"

Det er ein månad til løpekurs, og eg treng hjelp til å spre ryktet. Det er ikkje så lett å få folk til å tenkje løping rett før Birkebeinerrennet her, og ikkje minst når skiforholda er ypperlige berre nokre minuttar frå sentrum. Men den siste veka har verkeleg løpeforholda blitt betre, og eg ser fleire og fleire langs vegane. No treng eg deg til å spre ryktet til folk du kjenner som kunne tenkje seg å delta. Kanskje du vil gje eit løpekurs i gave til ei venninne?

Frå eit løpekurs eg hadde i fjor ( i 5.månad:)

Løpekurset startar onsdag 8. april og forsetter onsdag 15. april. Det er 2 x 1,5 time og vil foregå langs Lågen. Oppmøte er ved Statoil på Strandtorget. Dåkke finn meir informasjon HER.Der har vi fin grus å løpe på, og det er muleg å få trena i både motbakkar, unnabakkar og på flatt terreng.

Kurset er for alle som ynskjer å bli betre tekniske, treng inspirasjon, vil forebygge belastningsskadar og ynskjer tips til korleis ein kan trene vidare. Eg filmar kvar enkelt, og for eksempel tre og tre saman, og vil sende filmane til alle deltakarane i etterkant.

I fjor sommar hadde eg eit løpekurs på Spikkestad med mange kjekke damer ( og ein mann). Dei var ikkje idrettsutøvarar, men glade mosjonistar som var ute etter inspirasjon og teknisk hjelp. Vi hadde to kjempekjekke kveldar i lag med god prat og mykje latter mellom "taka".


Som sagt er det ikkje noko skummelt, og du skal sleppe å springe hardt og langt. I promise:)

Springerinnklem

 

4 kommentarer

Aina Brusveen

10.03.2015 kl.19:47

Kommer ikke inn der jeg skal trykke for mer info.... Ta gjerne kontakt for jeg kan være interessert.

springerinne

10.03.2015 kl.20:55

Aina Brusveen: No skal det være i orden:) Bra du sa ifrå:)

Marie

17.03.2015 kl.17:19

Kom heim å hald kurs, Kristin👍☺️☺️☺️

springerinne

18.03.2015 kl.09:00

Marie: Åh, det hadde vore kjekt det:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv