hits

Forventningsfull SpringerinneMamma

Hjelp, er det mulig å bli så glad for ein pakke i posten? Hehe...Løpevogna som eg bestilte onsdag for tre dagar sidan kom idag, og no er den klappa og klar for mange kjekke mil her på Lillehammer. Må berre få bort den snøven som brått la seg godt til rette.

 

Blått "løpebeist" på berre 9,3 kilo.


Godt med ein handy sykkelmann...

Noah blei litt forskrekka då eg sette han opp i den merkelege skapningen. Vi må vente eit par veker til før vi kan lange avgårde, då Noah ikkje er 6mnd. før 18. april.

Hjula er sjukt store i forhold til det eg vane med. Heile 20 tommar. Dette skal trille RASKT!




Glad og forventningsfull Springerinnemamma:)

Håpar dåkke har ei fin helg så langt. Her har vi gassa oss med Spagetti Carbonara og eit glas med italiensk ( sjølvsagt) raudvin.

Springerinne og Noahklem

2 kommentarer

Iselin Renée

29.03.2015 kl.13:40

God påske :)

springerinne

01.04.2015 kl.16:46

Iselin Renée: God påske!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv