hits

Påskemoro!

Det er ikkje berre barn som skal ha det moro. Vi vaksne må også kunne leike oss litt, som på ei trampoline. Og for ein gammal turnar er det ekstra stas å få hoppe inn våren.


Eg har aldri hatt mi eiga trampoline i hagen, så dette blir stas framover.


Noah sov godt i vogna medan mor og far fann fram alt av utstyr.


Min kjære i full gong med å sluttføre prosjektet.

 
Påska betyr ikkje berre "hopp og fanteri", men også god mat. I forgårs blei det kinamat ( Noah fekk eigen stol og greier) , og i går kveld gode ostar med syltetøy, loff og kjeks. Mmmm....

 

Forutan hopp og sprell på trampolina fekk også mor seg ei god bakkeintervalløkt med ei venninne frå barselgruppa. Vi løpte til melkesyra tok oss, og var så fornøgde etterpå. Hihi:)

Ynskjer dåkke ein fin Skjærtorsdag:)

Springerinneklem

 

 

4 kommentarer

Madeleine

02.04.2015 kl.17:52

så flink du er! hehe. så gøy ut d ;) å den maten så utrolig god ut =) ha en fin kveld =)

L

03.04.2015 kl.14:40

Hei, og god påske!

Eg lurte på ein ting ang. mat og vektauke. Er no inne i ein veldig god bli-frisk-prosess. Problemet er berre at vekta ikkje aukar! Eg har auka matmengda svært mykje siste månanden, et mykje feitt, nok protein og karbohydrat. Et over 3000 kcal per dag. Et 6 måltid om dagen og er til tider ubehageleg mett.Får hjelp av ernæringsfysiolog som heller ikkje forstår kvifor vekta står stille. Eg trenar, men det er noko eg alltid har elska og treng for psyka og matmotivasjonen. Blir no deppa når eg går på vekta og ho ikkje har auka - er så redd eg skadar skjelettet mitt meir enn eg allereie har gjort. ..

Opplevde du noko liknande? Eg har lurt på om det er mogleg at kroppen først prioriterer andre ting som t.d. å reparere skader ol. før vektauke, men veit ikkje om det er mogleg.

springerinne

03.04.2015 kl.22:04

L: Heisan, skjønar at du lurer på kvifor det ikkje skjer noko, men det kan jo godt muleg være ei blanding av treninga og at kroppen har mykje å stabilisere innvendig før den begynner å auke i vekt. Eg er ikkje lege, så det er litt vanskeleg å gje deg eit fasitsvar, men eg trur det er bra at det tek litt tid før vekta aukar merkbart. Det er viktig at hovudet heng med også. Det er jo ingen vits i å tvinge i seg masse mat i ein periode, og når vekta er nådd rasar du ned att fordi hovudet ikkje takla overgangen. For å unngå meir skade på skjelettet ville eg trena meir styrke enn lange treningsturar, Styrketrening er gull verd for eit sterkt skjelett.
Lykke til vidare. Heiar på deg!
Klem

L

04.04.2015 kl.11:01

Takk for det :)

Håpar at vekta aukar litt etterkvart - frustrerande at ingenting skjer når eg er så motivert. Styrke trenar eg litt, men er gladare i å gå turar i ulent og bratt terreng. Håpar på at det også styrkar skjelettet - berre eg får inn nok mat.

Ha ei fin påske vidare!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv