hits

Test av Babyjogger Performance

Eg har ikkje klart å vente til Noah er 6 månadar på dagen, men det manglar berre 9 dagar til han er der. Vogna frista for mykje, så eg har pakka han godt inn og teke sjansen på nokre korte løpeturar i sola. Han klaga ikkje for å sei det slik. Med eingong han vakna frå duppen sin smilte han heile vegen heim.



Eg brukte god tid på å leite etter den perfekte treningsvogna. Keik på alle mulege alternativ, men så las eg denne bloggen og då var avgjerdsla enkel å ta ( fann linken på denne sida) Denne mannen har løpt USA på langs, og skryt veldig av både funksjonen og holdbarheita.

Babyjoggeren bestilte eg på løpeshop.no, og den kom heile vegen frå Danmark på tre dagar. Prisen eg la ut inkludert toll var 4700,- og etter berre nokre få turar må eg sei at det er vel verd pengane.

Med si lave vekt på 9,3 kilo og 20 tommer hjul er den rett og slett laga for å springe. Eg har løpt både på asfalt og på grus / brei sti. Begge deler fungerte like bra, og Noah sat fint på plassen sin. Det fine er også at den tåler opp til 45 kilo, så den kan brukast lenge.

På toppen kan du opne slik at du ser ned på barnet ditt, og under setet er det plass til drikke, klær og andre ting du måtte ha lyst å ha med deg.



Her kan du følgje med kva gullet ditt driv med:)



Glad Springerinne på tur:)

No har Noah og eg nettopp bada, og gutten begynner å bli trøtt og god. Legger ved eit bilde i typisk Noahstil der han stadig øver på å rulle og bevege seg på matta. Snur eg ryggen til eit par sekund ligg han brått på golvet. Med andre ord; best å passe på.

Springerinneklem

6 kommentarer

Jeanette Myren

10.04.2015 kl.07:59

For ei flott og praktisk vogn! Håper du og Noah får mange flotte løpeturer framover nå.

Ps: Holder du noen gang foredrag om SF i Trøndelag, så vil jeg gjerne komme å høre på.

Lars

12.04.2015 kl.00:30

Er det mulig å justere høyden/lengden på håndtaket, slik at den er like behagelig for løpere av forskjellig høyde?

springerinne

12.04.2015 kl.17:05

Lars: Slik eg har skjønt går det ikkje. Det er absolutt eit minus med vogna, som eg ikkje kom på då eg skreiv innlegget.

springerinne

12.04.2015 kl.17:06

Jeanette Myren: Så hyggeleg at du vil det:) Set eg stor pris på:)

Jeanette Myren

14.04.2015 kl.07:39

Kan du gi meg beskjed hvis du holder foredrag i området?

springerinne

14.04.2015 kl.17:42

Jeanette Myren: Det skal eg sjølvsagt:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv