hits

Min tapasfavoritt

God søndag fine lesarar.

Tenkte eg ville dele ein liten favoritt som eg hadde med meg på ein 30 års fest i går. Der venta ein nydeleg tapas aften, og kva er ikkje betre med ein frisk saus til.


Sausen er stappa av moste mangoar, men for at den skal bite litt ekstra i ganen tilset eg blant anna chili.

 Ingrediensar:
Mango
Raud chili
Koriander ( helst frisk, men du kan  også bruke pulver)
Lime
Ein liten dæsj sukker

Gjer slik:
Skrell mangoane. Eg brukar vanlegvis to stykk til fire personar. Alt etter størrelse. Mos mangokjøtet i ein miksar, tilset finhakka chili (smak til mengda), press safta av lime i sausen, finhakk ein neve koriander og mos til ein tjukk saus. Sil gjerne til slutt for å få bort restar av mangokjøt.

 



Eg hiv oppi både chilikjøt og frø.. "Ska det vær - så ska det vær"


Hell gjerne sausen i ein litt fin mugge / karaffel og server.


 Ynskjer dåkke ein fin søndagskveld vidare. ...

 Springerinneklem

 

 

 

 




3 kommentarer

Madeleine

13.04.2015 kl.00:48

åi, så spennende! den må prøves tror jeg :D Hva kan du ha den til da? =) Ha en god natt =)

springerinne

13.04.2015 kl.22:56

Madeleine: Den kan du ha som tilbehør atmed dei ulike tapasrettane:)

Madeleine

13.04.2015 kl.22:58

åja :D spennende ^^

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv