hits

Tida med kropp og hovud etter fødsel

No er det gått 1/2år sidan Noah kom til verden. Det var ein knalltøff opplevelse. Sjølve fødselen gjekk greit, men like etter Noah kom ut starta marerittet. Han skreik ikkje og hovudet  hang livlaust. Han blei teken frå oss med eingong, men heldigvis kom legane inn att med ein levande og nydeleg gut. Aldri har eg vore så glad for å høyre skrik. Så gjekk det nokre minutt. Eg begynte å skjelve ukontrollert. Feberen føyk til 42 og eg blei sendt rett på intensiven. I løpet av denne tida var eg sikker på at eg skulle dø. Det var heilt forferdeleg for å sei det mildt. Dette har eg tenkt mykje på i ettertid, og ser eg noko liknande skje på for eksempel TVen kjem kvalmen og grøsningane med eingong.

Like før.....

9 dagar etter fødselen...

Eg tenkte ein del på korleis morsfølelsen ville bli når gutten kom. Ville eg bli full av angst, eller ville eg elske han med ein gong? Heldigvis kjende eg berre verdas beste og mest surrealistiske følelse då eg endeleg fekk han på brystet etter fleire timar i legane sine hender. Han var så frisk og fin, og hadde dei vakraste auga. Den momentante forelskelsen kjenner eg ennå, om ikkje ennå meir.

Så var det kroppen då. Det er ingen tvil i at det er mykje som skjer med ein kvinnekropp under svangerskapet, men korleis ville den sjå ut etterpå? Kor lang tid ville eg bruke på å bli den gamle Kristin att? Sjølv om eg er frisk frå spiseforstyrrelsen tenkte eg sjølvsagt desse tankane. Du treng ikkje være sjuk for å gruble på slikt.

For min del tok det eit par veker til eg kjende meg litt ovenpå. Eg fekk på meg buksene igjen, men det tok si tid før magen var som før. Iallfall slik eg kunne sjå det. Og vi jenter er jo litt vare på akkurat den kroppsdelen. Likevel stressa ikkje treningsforbudet på 6 veker meg i det heile tatt. Eg kosa meg på trilleturar og digga timane med Noah kvar dag. Det var heller då eg fekk lov å begynne treninga, eg blei litt meir ivrig enn eg trudde eg skulle bli. Det er rart med det,men for min del kriblar det mykje mindre når det går lang tid utan trening samanlikna med trening fleire gonger i veka. Hm, merkeleg...

2 månader etter...



4 månader..



1/2 år..


På friidrettsstevne i Stangehallen..

Ein anna ting eg opplevde allereie på første treningsøktene åleine var det dårlege samvitet over å ikkje være med Noah den timen. Heldigvis har det gått over av seg sjølv, for eg er jo tross alt saman med han nesten 24/7. Og ikkje minst gjer det godt med den vesle åleinetimen av og til. Det må vi mødre kunne unne oss utan dårleg samvit.

Vi tilbringer mykje tid på denne matta i løpet av ein dag:)

Springerinne og Noahklem

15 kommentarer

mediakaos

15.04.2015 kl.09:26

Så fine dere er ! Nyt tiden, ting tar litt tid og skal ta litt tid, til alt er på plass - etter at den nye sjefen er på plass :) Elsker å se bilder fra Lhmr! Vi bodde der i mange år, før vi flyttet til sørlandet. Ha en fin dag!

Tine

15.04.2015 kl.09:41

Så heldig du er som har en liten :)

Jeg må nesten begynne å følge bloggen din :) gå inn på bloggen min og trykk "legg til som venn" så kan vi følge hverandre :)

lineinspirasjon

15.04.2015 kl.11:16

Kjekt å lese. Og så flott løpevogn dokke har fått dokke!

Cassandra Lysgård

15.04.2015 kl.13:25

Så fine bilder av dere! :)

springerinne

15.04.2015 kl.18:18

Cassandra Lysgård: Tusen takk:)

springerinne

15.04.2015 kl.18:19

lineinspirasjon: Tusen takk. Ja den er kjempemessig:) Rullar raskt kan du sei. Det gjeld å holde tritt:)

springerinne

15.04.2015 kl.18:19

Tine: :):)

springerinne

15.04.2015 kl.18:20

mediakaos: Åh, har du budd her:) Det er ein flott og passe stor by og så er det veldig fint å trene her då:)

mediakaos

15.04.2015 kl.18:32

Ja, først bodde kun mannen der i 5 år, mens jeg pendlet. Vi bodde i storgata frem til 2007, da flyttet vi opp til Randgårdsjordet, rett ved Kiwi/OLhallene. Savner byen, spesielt om vinteren. Den er SUR her nede :)

springerinne

15.04.2015 kl.18:51

mediakaos: Åh då budde dåkke midt i smørauget:) Der er det fint:) Du får heller glede deg over Sørlandssommaren:)

mediakaos

15.04.2015 kl.18:55

Vi gjør det :D

springerinne

15.04.2015 kl.19:16

mediakaos: Fin blogg du har. Eg var også redaktør i fleire år ( sportsmagasin), så morsomt å lese:)

Komdeguta

15.04.2015 kl.20:20

Heldige Noah som får være med ut på tur !

mediakaos

15.04.2015 kl.20:30

Tusen takk! :) Nei, så artig ! :)
Takk for at du deler. spennende å lese.

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv