hits

Homemade sushi

Første gong eg blei introdusert for sushi var eg "meget" skeptisk. Rå fisk høyrtes nesten groteskt ut, men etter mykje om og men tok ein bit saman med ingefær, wasabi og soyasaus.

Og ja, det smakte himmelsk. Eg måtte ha meir enn den eine biten, og glefsa i meg til fatet var tomt. Etter denne gongen har sushi blitt ein liten favoritt, og eg synes det er superartig å lage sjølv. Spesielt ilag med ei venninnne. Vi skravlar, kuttar, prøvar og feilar og skravlar litt til. Det er ikkje berre godt å ete, men også veldig sosialt. Og i går hadde eg ein slik kveld med ei venninne. Vi styrte på eit par timar, såg på youtube innimellom og mekka saman nokre godbitar. Som dåkke ser var ikkje akkurat avanserte då begge likte best makirullar.

Og når det er laurdag, så er det laurdag. Ingen kan stoppe denne dama i smågodtavdelinga då..hehe


Noah tok helga rolig, og kosa seg i handlevogna på Strandtorget. Først litt melk på kafe, så sove godt medan vi jentene handla vidare:)

Men vakna då han fekk på seg den nye matrosdressen. La sommaren kome:)

 

"Heimeåleinehelgar" er ikkje det kjekkaste eg veit, men når gode venninner kjem på besøk hjelper det VELDIG!

Ha ein fin søndagskveld.

Springerinneklem









 

 

8 kommentarer

Maike

26.04.2015 kl.16:41

så fin du e! Ha en fin søndagskveld du også :)

Madeleine

26.04.2015 kl.16:42

det så utrolig godt ut da! =) Vi lager det noen ganger selv vi også =) Det er absolutt en favoritt =) ha en fin dag =)

Kamilla Haaland

26.04.2015 kl.18:25

sushien så knallgod ut!
Lekker sushi!

springerinne

28.04.2015 kl.11:14

lovelyliller.com: Den blei iallfall god, men kunne nok blitt bedre utsjånadsmessig:)

springerinne

28.04.2015 kl.11:14

Kamilla Haaland: Var veldig god også:)

springerinne

28.04.2015 kl.11:15

Madeleine: Kjempemoro å lage og ikkje minst smakar det nydeleg, spesielt med ein passande kvitvin til.:)

springerinne

28.04.2015 kl.11:15

Maike: Tusen takk:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv