hits

Klar for sin første mai månad

I går var eg berre nøydd å kjøpe denne matrosdressen til vesleguten. Såg på den forrige helg, og klarte ikkje å gløyme den:)

Når vi andre skal pynte oss til konfirmasjon og 17.mai må jo minsten også ha kle, og eg innrømmer lett at det er mykje kjekkare å handle kle til Noah enn til seg sjølv. Akkurat det trudde eg ikkje før eg blei mor.

Fann den på name it, og kosta like i underkant av 300 kroner. Slett ikkje ille det.


Har nettopp trena styrke med ei venninne frå barselgruppa. Litt for lenge sidan sist kjende eg, og med brannsår på kvart fotblad ( mista ei flaske med kokande vatn på beina) i tillegg, blei det ikkje lange oppvarminga på mølla akkurat. Må nok vente til imorgon før eg kan springe att. Det er vel i heimen uhella som oftast skjer..sukk.

Ynskjer dokke ein fin fredag og ei god helg:)

Springerinneklem

 

 

 

2 kommentarer

springerinne

03.05.2015 kl.14:13

Maren Helgemo: :):)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv