hits

Forfriskande vestlandsluft

Det er ikkje så ofte vi er heime på Vestlandet, difor må eg berre legge ut bilder frå staden eg er så glad i.

Bestisen min:)



Årsaka til heimreisa var denne karen; Konfirmasjonsgutten Håkon som eg både er tante og fadder til:)



Og som er fadder igjen til Noahgutten vår:)


- Ikkje trøtt allereie vel Noah?

- Jo, litt mamma! :)

Kaker på bygda = MANGE. Og, ja eg åt fleire kakestykker. Om eg fekk dårleg samvit? - NEI! Det smakte nydeleg!

Far til konfirmanten, og gamletrenaren min: Kosar seg med onkelbarnet:)

Flagget til topps på den store dagen.

 

Trilletur på kveldingen.

Litt "skjult" reklame for Løpeshop.no. Diggar denne tightsen som er av merket Salomon. "Kvinnevennleg i livet", og veldig behagelig på.

Har tid til ein liten kos på treningstur før det venta 5 timar i bil tilbake til Lillehammer.



Tok ein kjapp tur innom fruktgården til foreldra mine i Stryn. Morelletrea blomstrar for fullt:)



Beste mammaen som finst:)


Litt meir av fruktgården..




Snap chat helsing frå Noah:)


Ynskjer dåkke ei fin helg vidare:)

Springerinneklem

8 kommentarer

Birgith

15.05.2015 kl.22:46

Kjekt å sjå dokke igjen 💕 Noah er ein storsjarmør. Håpe turen tilbake gjekk fint. Klem

springerinne

15.05.2015 kl.23:37

Birgith: Turen gjekk fin fint. Tusen takk for ein flott dag;) Håkon var såååå flott:) Klem

Harald Sel

16.05.2015 kl.05:48

Så fine bilete, både av deg og damilien og frå vakre Sandane. Kona mi, Jorunn, hadde ei tante som flytta til Sandane, då ho gifta seg med ein mann frå Selje.Så eg har mange gode minne frå besøk hos dei. Særleg gjennom dei to åra Jorunn og eg studerte i Volda, reiste me ofte til Sandane. Dei heitte Sigrid og Olav Berstad, men du kjenner dei sikkert ikkje. Olav døydde i slutten av 1970-åra og då flytta Sigrid tilbake til Bryne. Dei hadde ikkje barn.

Men ein annan frå Sandane, som du sikkert kjenner til, er Asbjørn Hansen. Han var lektor ved Rogaland landsgymnas på Bryne i mange år, før han begynte på landsgymnaset i Sandane. Asbjørn Hansen var norgesmeister på 1500 meter rett etter krigen (1946 eller 47). Då eg begynte å springa i 1960, var han trenar for oss juniorarar. Og det ga resultat. I 1961 vann me juniorklassa i Holmenkollstafetten, og fleire frå Bryne hevda seg mellom dei beste i landet.

Thea

16.05.2015 kl.08:05

Så fine bilder! Vakkert sted med flotte folk =)

Må bare si at det er en inspirasjon å lese bloggen din. Hvor langt du har kommet etter så mange år som syk. Jeg sliter selv, hovedsaklig med bulimi, og det er virkelig et rent helvete å skulle komme seg ut av. Selv etter mye behandling, både poliklinisk og som innlagt.

Du er et forbilde i allefall - det skal du vite!

Ønsker deg en riktig god 17.mai-helg =) Klem

Lea

16.05.2015 kl.21:11

Heisann, lurer på kva løyper/turstiar/fjelltoppar som er dine favorittar på Sandane? Er hybelbuar og eeelskar virkelig sandane og naturen rundt! Så hadde vore supert å fått noken tips :-)

springerinne

16.05.2015 kl.21:38

Lea: Åh så moro då. Eg har mange. Viss eg skal springe på grus gjer eg det i Bukta, som er 2 km utanfor sentrum mot Hyen. Der er masse fine grusvegar. Ellers likar eg barkeløypa i Åsen veldig godt. Der er det kupert og mjukt for løpebein. Når det gjeld litt meir fjell, så synes eg det er kjekt å køyre forbi Utsikten og løpe derifra på grus og på stiar til dei forskjellige støylane. No har sikkert ikkje du bil, så då må du isåfall sitje på med nokon. Det er også fint å springe forbi Valborgkleiva og oppover grusvegane der:)

springerinne

16.05.2015 kl.21:47

Thea: Tusen takk for det Thea. Er veldig glad for at eg kan være eit forbilde. Får derimot veldig vondt i meg når du skriv at du slit med bulimien. Det er ein fryktleg vond levemåte, og eg skulle så ynskje du ikkje måtte oppleve den. Eg håpar du får den rette hjelpa.
Klem frå meg

springerinne

16.05.2015 kl.21:48

Harald Sel: Tusen takk. Asbjørn huskar eg godt. Veldig sprek kar, og budde nær der eg vaks opp.

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv