hits

Dette kan du "bruke meg til"

I fjor registrerte eg Springerinne som eit enkeltmannsforetak. Sidan den tid har eg fått oppleve spennande og meiningsfulle oppdrag.
Viss du er ute etter ein foredragshaldar med fokus på idrett og spiseforstyrrelsar, løpeinstruktør / trenar eller ein sportsjournalist må du lese vidare.
Dette innlegget finn du att på linken ; "Springerinneoppdrag" til høgre på sida.

FOREDRAG
TEMA: Idrett, vekt og slanking / Min veg ut av spiseforstyrrelsen.
PASSAR FOR:  Den sjuke, pårørande, idrettsutøvarar, klubbar, trenarar etc




SPORTSJOURNALIST
TEMA: Sport (treningsstoff etc) 
Eg skriv gjerne andre sjangrar også, men det er her eg føler meg mest heime.
Inntil i fjor var eg redaktør for Magasinet Birken. Idag er eg akkurat ferdig med mammapermisjon og l
everer blant anna treningsstoff til Dagbladet.no, eit langrennsmagasin, og skriv bok om idrett, vekt og slanking. 


Klar for jobb...

 
LØPEKURS
TEMA: Løpekurs
I fjor sommar (5.mnd gravid) heldt eg løpekurs for to grupper i regi av treningssenteret " Sporty trening" på Spikkestad. Kvar gruppe var mellom 8 og 10 stykk, der dei fleste var damer. Nokre med konkrete konkurransemål. Andre med eit mål om .å få ein betre løpsopplevelse i kvardagen.
PASSAR FOR: Deg som vil bli ein ennå betre løpar, som vil lære rett teknikk for å førebyggje skadar, få ut potensialet ditt, få løpemotivasjonen tilbake og deg som har eit konkret mål med løpinga

Viss du vil " bruke" meg til noko av dette er det berre å sende mail til kriroset@gmail.com. Pris vert vi einige om.

Dagens knips av Noah: ...som har begynt å krabbe, som har sagt eit utydeleg mamma og som ligg på sitt eige rom for første gong  natt.



Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv