hits

- Jeg skal være fit til sommeren

Nordmenn er ikkje vane med å sprade rundt i den vesle under og overdelen, så når ein først trer på seg det minimale plagget skal jammen kroppen sjå fit ut. Aller helst skal den kvite kroppen være brun før sola kjem, magen skal være paddeflat med innslag av mageruter og låra skal være fri frå celulittar og strekkmerker. Har ein klart å trene på seg ei sprettrumpe i tillegg har ein verkeleg gjennomført sommarjobben.

Ikkje fornøgd: Her var eg sjuk og ribba for feitt men torte nesten ikkje vise meg i bikini likevel. Enten var magen oppblåst eller så hadde eg for store lår. Eg klarte ikkje å nyte det buffeten bydde på, is var berre å gløyme, fekk eg cola med sukker avslørte eg det med einong og lot den stå....Så gale kan det bli, og då det ikkje moro å være på ferie lenger.

Du spradar i vannkanten og håpar at folk som ser deg synes du ser bra ut. Du tittar ned på bikinitrusa for å sjekke om magen er flat nok. Viss ikkje held du den inn med vilje. Det er fullt av glade mennesker denne dagen og dei fleste ser ikkje ut til å bry seg om korleis dei ser ut. Brått ser du ei anna jente med sixpack, smale hofter, ribbein som stikk ut, silikon puppar og langt slitt hår. Ho går åleine og ser ikkje mykje glad ut. Ho ser mest av alt underærnert ut. Du synes litt synd på ho, men du må likevel kike fleire gonger på magerutene og ribbeina. Du tenkjer at du også skulle sett slik ut, men så kjem den motsatte tanken fram. Det der er ikkje fint. Det er ikkje normalt. Ho kan neppe nyte noko som helst som har med sommaren å gjere.

Fire år etter: Gravid i 30 veke og eg kunne ikkje vore meir stolt når eg gjekk i bikini.

For..

det er så mykje som smakar ekstra godt om sommaren; Grillmat, rosevin, is ..ja mange godsaker som ein rett og slett ikkje kan droppe. Sommaren skal jo være ein nytelse. Då har vi ferie og det er meininga at vi skal slappe av. Kvifor skal vi då måtte svelte oss for å passe inn i den tynnaste gruppa på ei strand. Kven bryr seg?

Nei,eg vil heller halde fram med den treninga eg gjer til vanleg. Den gjev meg ei god helse og livsglede. Om det litt ekstra kjøt på magen og hoftene får heller være. Det er betre enn å måtte nekte seg alt det gode berre fordi ein skal opptre på stranda nokre få gonger denne sommaren også.




Springerinneklem som gler seg til chartertur med all inclusive, tre barn og kjærast ( ja same plass og hotell som i fjor).

 

 

 

 

3 kommentarer

Maike

01.06.2015 kl.13:46

Hvor skal dere på ferie? :)

springerinne

01.06.2015 kl.14:11

Maike: Bulgaria, Golden Sands. Vi var litt småskeptiske då vi reiste i fjor, men blei veldig overraska over kor bra det var. Heilt nydeleg å bade i Svartehavet, ete det du vil når du vil på hotellet, og berre sitje i fly 2,5 timar:) Håpar berre sola dukkar opp slik den skal. hehe

Maike

01.06.2015 kl.16:22

Det høres kjekt ut! Vi skal på klassetur til Polen og Tyskland neste uke og der er det meldt øve 30 grader.. Håper også at været stemmer, er nemlig lei av regn og kulde no ;)

God tur til dere! :)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv