hits

- Er det rart eg vil bli kvitt deg?

Du sprer deg raskt som vinden.
Du har fått eit navn, men fortener du det? 
Du vekkjer meg kvar morgon, og heng på slep resten av dagen.
Du gjev meg ordre om å trene med tårer.
Du gjev meg kun lov til å leve eit " lett liv".
Du vil ikkje at eg skal kose meg.
Du fortel meg dagleg kor mislykka eg er.
Du ber meg om å gå forbi chipsen, smågodtet, kjeksa, loffen, brusen...
Du lagar eit helvete viss eg prøvar å trosse deg.
Du overbeviser meg om forholdet vårt aldri skal ta slutt.

Er det rart eg vil bli kvitt deg?

-2009-


Eg kjenner det heldigvis ikkje slik lenger, men eg veit om mange som kjenner på dei same vonde kreftene. Neste veke skal eg snakke om dei til idrettsutøvarar, pårørande, den sjuke og landslagstrenarar innan friidrett. Eg håpar det vil inspirere i positiv retning.

-2015-

Springerinneklem

 

 

2 kommentarer

sammegreia

06.06.2015 kl.09:06

Ha en superflott lørdag:)

Hadde satt utrolig stor pris på om du hadde sjekket innom vår blogg!<3

Maike

06.06.2015 kl.12:36

Veldig bra skrevet! God helg :)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv