hits

Sommarfuglar i magen

I går var eg nervøs for å køyre åleine med Noah i over 5 timar, og ikkje før den utfordringa var gjennomført er "nervane" der igjen. For, om 24 timar held eg foredrag i Trivselshagen for ei rekke menneske. Phu...Sjølv om eg veit kva eg skal framføre er det umuleg å ikkje kjenne på sommarfuglane.

Heime er det som vanleg fullt hus med heile familien samla på same tunet. Istad sat det for eksempel 9 stykk rundt eit herremåltid på ein måndagsettermiddag:) Men det beste fekk eg, ved ankomst igår; heimelaga kjøtkaker i brun saus.

 

Er glad grusvegane rett utanfor huset ennå ikkje er blitt asfaltert. Iallfall er det eit stort pluss for "gamle og slitne" løpebein.



Gladgutt på tur:)

Ønsk meg lykke til imorgonkveld.

Springerinneklem

 




6 kommentarer

Jeanette Myren

08.06.2015 kl.21:13

Gratulerer med vel gjennomført utfordring og lykke til med foredraget ditt!

Dorte

09.06.2015 kl.11:36

Ser fram til foredraget i kveld! Lurer på kvar i trivselshagen det er, om det er i kultursalen, kinosalen eller i idrettshallen? :-)

springerinne

09.06.2015 kl.13:24

Dorte: Eg trur det i kultursalen, men faktisk ikkje bombesikker..

springerinne

09.06.2015 kl.13:24

Jeanette Myren: Tusen takk Jeanette:)

Anne Therese Ruud

09.06.2015 kl.23:36

Dette er litt utenfor tema men; skal du løpe birken på lørdag ? Du bor jo mitt i gryta nå😀

springerinne

10.06.2015 kl.17:57

Anne Therese Ruud: Heisan, nei det skal eg ikkje. Hadde nokre tankar om det i vinter og kunne nok løpt meg greitt gjennom, men eg er rett og slett feig. Når det kjem til startnummer og løping blir eg vettskremd ( iallfall nesten). Håpar det ikkje vedvarar for lenge, for eg trur eg kunne løpt bra:) Skal du?

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv