hits

Venn med nervane

No er foredrag nummer 1 denne veka over. Eg var temmeleg spent då eg køyrde til gamleskulen min og såg den enorme kultursalen eg skulle prate for. Ikkje nok med det, men så fekk eg plassert ein mikk rundt hovudet ( det gjer meg ekstra nervøs) , og skjermen eg skulle syne diverse filmar på, var gigantisk. Ikkje det morsomste når det du skal vise ser temmeleg trist og fælt ut ( som for eksempel denne filmen , for øvrig sett av over 4000). Det får eg likevel tåle når eg vel å opne meg på denne måten.


Med mikk og greier....hjelpe meg.
Det gjekk fint. Orda kom iallfall ut, om ikkje heilt slik eg hadde planlagt, så var det forhåpentlegvis godt nok. Det er rart med det, men når du skal prestere med eit manus du har tenkt ut, så kjem det likevel andre ord ut av munnen. Det er som at du blir reven med, og trur det du tenkjer der og då er betre enn det du hadde planlagt. Jaja..


I det kvite bygget gjekk eg tre år på idrettslinja i si tid ( og det er lenge sidan det....).


Med friidrettsstadion like nedanfor ( ja, det er grus). Her har eg sprunge mange mil opp gjennom.


Steinar Mundal heldt foredrag etter meg, om si tid som alkoholikar. Det var sterkt å høyre historia hans, og fryktleg vondt å høyre han fortelje om forsøket på å ta sitt eige liv i Oslos gater. Idag er han frisk , og er trenar for skiskyttarane våre.
Kjekke kar:)


No er eg heime på Lillehammer. Noah har tatt ein liten dupp etter den lange bilturen, og eg har sett på klesvasken. Imorgon går turen vidare til Oslo. Først skal eg halde foredrag på Toppidrettssenteret, deretter nyte mykje god friidrett på Bislett Games. Det gler eg meg stort til. Har delteke der nokre gonger sjølv, og det var magisk stemning.

Håpar dåkke får ein fin onsdagkveld vidare.

Springerinneklem

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv