hits

Sterk i kroppen

Styrketrening har vore ein stor del av treninga sidan eg var 10-11 år. Då var det sirkeltrening med skiklubben Fjellhug /Vereide som galt, men nokre år etter starta eg også med vekter.

I dag held eg styrken ved like 1-2 gonger i vekar. Alt etter været ute og ledig tid. Som regel tek ikkje øktene mine meir enn 40-45 minutt. Eg ser sikkert ut som ein "stukken gris" der eg svinsar mellom øvelsane rimeleg kjapt, og innrømmer det er ein lettelse dersom andre gjer det same. Eg klarar rett og slett ikkje å spegle meg frå topp til tå. Ei heller ligge på golvet å skravle mellom øvelsane. Der tek rastlausheita meg.


Øvelsane eg pleier å variere mellom(trykk på lenkane under så skjønar du litt meir):

Markløft ( 1,5 år sidan denne filmen blei tatt. Trur teknikken er betre idag.
Hip thrust
Utfall
Tåhev
Frontknebøy ( Også tatt for 1,5 år sidan)
Nedtrekk
Chins
Sit ups på forskjellige måtar

 

Trenar du styrke jamt og trutt vil kroppen tåle meir belastning, skjelettet held seg sterkt som igjen førebyggjer forskjellige typar "grums" når du eldast.

 Dagens knips:

 
Liten gutt i stor sofa

Ynskjer dåkke ein fin måndag vidare.

Springerinneklem

 

 

 

 

 

 




 

 













Én kommentar

Thea

15.06.2015 kl.20:40

Jeg kjenner også at styrketrening gjør meg godt for tiden. Ikke ha fokus på kilometer, tidsbruk, puls, fart, osv.. Så har lagt løping litt vekk, for å forsøke å kvitte meg med all tvangen. I stedet bare stikke ut i nærmeste park og trene styrke på apparater der. Så får man frisk luft samtidig! Man føler seg gjerne litt sterkere psykisk også når man blir sterkere fysisk :)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv