hits

Jobbjakt og hyggeleg telefon

Igår fekk eg telefon frå Dagbladet.no Pluss om at dei vil ha meg som fast frilanse. Det var ein herleg beskjed å få midt opp i leitinga etter fast jobb på min nye heimstad Lillehammer.

Draumen er å kunne leve av Springerinne ved å være frilanse, halde foredrag og arrangere løpekurs, evt. personleg løpetrenar. Men så er det ikkje " berre berre" det heller. Ein må jo ha råd til å leve. Nokre frilanseoppdrag i månaden er ikkje nok, men kanskje det går ein gong i framtida.

Eg klarar ikkje å senke skuldrane når eg ikkje veit kva framtida byr på jobbmessig. Det er ein utrygg situasjon eg ikkje har vore i på mange mange år. Å tru at eg får ein fast journalistjobb er vel som å tru på julenissen i dese dagar. Det er nedbemanningar overalt, papiravisene og magasina må heile tida konkurrere med nettet og det er mange dyktige journalistar som kan det siste nye innan den digitale verda. Vi som blei utdanna på begynnelsen av 2000 talet er omtrent som "gamlingar" å betrakte.

Eg skal ikkje la utolmodigheita råde ennå, då det tross alt berre er ein god månad sidan mammapermen var over, men til hausten har eg verkeleg behov for å gå til ein fast jobb. Er spent på kvar eg får napp.



Vel, dagane går med til Noah, maling av hus og bokskriving. Min kjære held på med sykkel NM som skal gå for seg her frå søndag av. Det kjem til å bli liv i gatene då:)

Ynskjer dåkke ein fin dag vidare.

Springerinneklem

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

4 kommentarer

Guro Eriksen

17.06.2015 kl.18:22

Håper du snart får deg noe mer fast :)

springerinne

17.06.2015 kl.23:20

Guro Eriksen: Håpar eg også:)

Thea

18.06.2015 kl.12:55

Gratulerer :) Krysser fingrene for at det også ordner seg med noe mer og fastere jobb snart!

springerinne

19.06.2015 kl.22:34

Thea: Eg også:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv