hits

Forfattar og malar

Idag har eg vore forfattar og malar. Ja, og sjølvsagt mamma. Noah er jo med på alt som skjer. Også når mamsa malar huset. Då må grinda ut, med Noah og alle leikane oppi.

Solhatten er på, sjølv om han aller helst vil kaste den til " Bloksberg". Hehe..



Eg likar å male, men sølar noko heilt enormt. Golvet vi beisa for 2 månadar sidan, må rett og slett beisast om att etter tre dagars opptreden av fruen i huset.


Etter at eg flytta til Lillehammer for snart 1 år sidan, kjenner eg meg endeleg "heime". Det har eg ikkje kjent på sidan eg flytta ut av pikerommet på Sandane. Eg er rett og slett veldig glad for å ha enda opp her.Då er det også ekstra moro å gjere heimen fin, både inne og utvendig.



Treng vel ikkje seie meir....hihi:)



Det er merkbar forandring på Noah sin aktivitet idag, kontra for to månadar sidan. Han beveger seg superraskt, og mor må verkeleg følgje med.



Far og sønn :)




Noah elskar å være med på løpetur i Babyjoggeren. Er sikkert deilig å berre sitje der og nyte utsikta, medan mor pustar og pesar bak.

Elles går det i bokskriving her. Eg er av den rasen som må ha tidspress på meg for å verkeleg yte maks, og no kjenner eg at tida er inne for akkurat det. 

Ynskjer dåkke ei fin helg.

Springerinneklem

 

Én kommentar

Stine Tokle

20.06.2015 kl.00:02

Så heerlige bilder <3 Ha ei superhelg!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv