hits

Berre 6 veker att

No kjenner eg fristen for bokleveringa er farleg nær. Ja, det er faktisk berre 6 veker att. Sjølv om eg ikkje er ferdig er det godt å vite at bokdraumen snart går i oppfyllelse. Det gjer meg ennå meir skjerpa siste tida.


Boka handlar om vekt, kropp og idrett.

For, eg arbeider best under tidspress. Det er det eg er vant til som journalist.  Då skjerpar eg meg, og ser fram mot å få stoffet til trykk. Det gjer eg så til dei grader med boka også.

Sjølvsagt er eg veldig spent på mottakelsen. Målgruppa er slett ikkje så snever som ein kanskje trur. Det er tross alt ikkje berre den sjuke spiseforstyrrelsen rammar. Den rammar også dei du er mest glad i; Mor og far, kjærast, søsken, vennar. Den kan ramme ei evt. idrettskarriere, ein spesiell draum du har hatt sidan du var barn, utdanninga og jobben. Spiseforstyrrelsen kan rett og slett «ete deg opp», og "ta frå deg alt"..

Eg ynskjer difor å formidle kunnskap om kva som foregår opp i hovudet på ein spiseforstyrra, og kva ein kan gjere for å få livet tilbake.

På jakt etter tittel.... Vil hs ein passe kort tekst som "slår" skikkeleg. For det er jo nettopp det spiseforstyrrelsen gjer med eit menneske: Å "slå" hardt.

Tittelen står fortsatt «tom», men ikkje lista over forslag. Det har berre ikkje sagt pang i hovudet mitt ennå. Det einaste eg ser for meg er ein tekst som seier «alt». Kanskje du har eit tips? Då er det berre å rope ut.

Boka skal ut på vinteren eller våren 2016. Det kjennes frykteleg lenge til, sidan fristen min er 1. august i år. Men markedsavdelinga skal bruke hausten til å promotere boka, og gjere den klappa og klar for butikkhyllene. Det blir ein spennande prosess.



No har Noahgutten lalla etter ein lang dag i sola. Min kjære førebur NM i sykling som begynner i morgontidle, og er ute både tidleg og seint. Eg har nettopp laga og glefsa i meg heimelaga pizza (ja kun til meg sjølv. Det hadde eg ALDRI gjort for berre fire-fem år sidan....), og skal ut og male hus igjen.

Springerinneklem

 

P.S

Du må gjerne Like Facebook sida til boka mi ved å trykke HER

 

3 kommentarer

<3

20.06.2015 kl.23:22

Åå kor nydelig unge :-D måtte bare få d sagt !

L

21.06.2015 kl.13:00

Kva med "Fanga"? Slik har i alle fall eg følt meg...

springerinne

22.06.2015 kl.17:26

L: Ja, det var eit godt forslag. Tusen takk:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv